Sjakkveldar for vaksne og ungdommar, annakvar torsdag kl 19-2030, frå 28.4.22

Vil du spele sjakk i lag med andre sjakkinteresserte? Vågå bibliotek har utstyr og rom, spelarane tek seg av resten

Initiativtakar er sjakkentusiast Håvard Heggedal, som vonar vi kan få sjakkinteresserte til biblioteket for å spele saman. Biblioteket har allereie kurs for barn og unge, kor Håvard tidlegare har vore instruktør.

Desse kveldane er ikkje kurs, men speling for sjakkinteresserte. Har du spørsmål? Skriv til gro.dybvik@vaga.kommune.no, eller ring 92863525. Du kan også kome innom biblioteket i opningstida. 

Velkomne!

Sjakk snl.no