Bli med på Sommarles! Lesarkampanje for barn frå 1.-7. steg

Sommarles gjer lesing endå gøyare, og det er heilt gratis å vere med! Du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og kan følge med på kva vennene dine les. Her kan du også lese ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør på biblioteket!

Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar! Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.

Flyer Sommarles 

 

For å bli med på Sommerles.no går du inn på nettsida frå 1. Juni og lagar deg ein eigen profil saman med ein vaksen. Ein føresett må godkjenne at du skal delta, og dokker må bruke e-postadressa til den føresette ved registrering. Viss dokker treng hjelp,  er det berre å spørje på biblioteket dokkar. Så er det berre å lese i veg! God sommar med Sommarles.no!