Onsdag 27. og tors 28. juli klokka 13-17 brakar det laus att med BlueElite på Vågå gamingrom. Vetle og Harald kjem og dreg igong oppvarming og turneringar. Du treng ikkje lånekort for å bli med, det er ope og gratis for alle. Har du ikkje prøvd før er dette ein glimrande sjangse! Kom og prøv E-sport hjå oss!

Sommarles gjer lesing endå gøyare, og det er heilt gratis å vere med! Du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og kan følge med på kva vennene dine les. Her kan du også lese ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør på biblioteket!

Sel bibliotek vant hovudpremien i år: Middag for to på Andre Etasje. Vinnar ble trukkje av deltakare frå Otta Vgs, Sel- og Heidal bibliotek, og vinnaren vart Jorunn Thingnes, gratulerer!

Vi har også ein lokal premie i Vågå, og der vart vinnaren Aud A Fresvik, gratulerer Aud! Ho vann eit gåvekort frå Vågå bok og leiker. Takk for Vinteles for denne gong!

Vi les same bok, og pratar om ho. Drikk kaffi, og har det triveleg. Vil du dele lesaropplevinga di i lag med andre? Kontakt biblioteket. Bøkene lånar du hjå oss.

Kven kidnappa Santa Lucia?

Vetle Lid Larssen held  foredrag om boka si Lucias siste reise (2021)

Inngang 150 kr. Billett på www.tikkio.com

 

Vil du spele sjakk i lag med andre sjakkinteresserte? Vågå bibliotek har utstyr og rom, spelarane tek seg av resten

Vinterlesarrangement! 

Samtale på scena, boksal og signering, gratis inngang, hent billett på biblioteka i Vågå/ Sel, eller i servicetorget på kommunehuset. KOm og høyr Abid fortelje sin sterke historie!

 

Onsdag 2.3. og torsdag 3.3. kjem Blue Elite til Vågå gamingrom og set i gong e-sport for alle som vil vere med!

 

E-sport er gaming med konkurranse om å vinne. Du får låne kontroll hjå oss, vi deler inn i lag, og så speler du i lag med andre. Gratis og ope for alle!

Vi har lese same bok, og deler lesaropplevinga vår. Vi drikk kaffi, og pratar om boka, scener og karakterar. Ta kontakt med biblioteket viss du vil vere med. Boka låner du hjå oss.