Vågå kommune tilbyr gratis bustadtomter i Randsverk bustadfelt
Sju kommunale tomter i Randsverk, i tilknytning til eksisterande bustadfelt. Tomtene ligg ved fylkesveg 51 (mot Valdresflye), men er likevel godt skjerma frå denne. Tomtestorleiken varierer mellom 1,1 og 1,9 da.
Kart ledige tomter Randsverk (PDF, 218 kB)
Sjå dronevideo over Randsverk og bustadfeltet
Vedtak i Vågå kommunestyre 30. mars 2023 lyder slik:
1. Som marknadsføringstiltak for dei sju kommunale tomtene i Randsverk bustadfelt blir refusjonskostnadene heretter sett til kroner null.
2. Vågå kommune opprettar kontrakt med den enkelte "tomtekjøpar", jf. avtale med Statskog dagsett 04.11.2010 pkt. 4.
3. Saksbehandlingsgebyr og årleg festeavgift til Statskog blir betalt av tomtefestar.
4. Festar pliktar å starte bygging på tomta innan 1 år etter at tomta er stilt til disposisjon. Kommunedirektøren kan etter søknad forlenge fristen, men festaren pliktar da å betale kommunale eigedomsavgifter, jf. forskrift.
5. Om bygging ikkje er sett i verk innan fristen, kan kommunen ta attende festeretten til den aktuelle tomta. "Tomtekjøparen" må bera alle kostnader ved attendeføringa.
Foto: Svein Holen
Å bu i Randsverk betyr å bu midt i naturen og fjellandsskapet, med lett tilgang til mange naturopplevingar og -aktivitetar heile året.
Randsverk har eigen butikk, kafe og campingplass. Kommunesenteret Vågåmo er berre 30 minutt unna.
Randsverk, 735 meter over havet, har både fast busetnad og setrer. Her ligg også Langmorkje Almenning sitt sagbruk og høvleri.