Personvern

Personvernerklæring (PDF, 60 kB)

Felles ordning med personvernombod for  Vågå, Lom og Skjåk kommunar

Stortinget vedtok i mai 2018 ei ny personopplysningslov som gjennomfører EU si personvernforordning (GDPR) i Norge. Justis- og beredskapsdepartementet  forventar at den nye personopplysningslova vil bli sett i kraft i løpet av juli 2018. 

Når behandlinga av personopplysningar blir utført av ei offentleg myndigheit eller eit offentleg organ pliktar ein å opprette ordninga med personvernombod. 

Vågå, Lom og Skjåk kommunar har valt å samarbeide om dette og har derfor inngått ei felles avtale, der  Lom kommune er vertskommune. Det er rådgjevar Reidun Øvre Øygard som er personvernombod i desse kommunane. Ho treffer ein ved å vende seg til sentralborda i kommunane eller direkte på mobil 48 16 55 34 eller epost: 

personvernombod@vaga.kommune.no 
personvernombod@lom.kommune.no
personvernombod@skjaak.kommune.no 

 

Personvernombod

Personvernombodet kan hjelpe i  spørsmål om personvern som gjeld kommunane.

Personvernombodet i Vågå, Lom og Skjåk kommunar skal sørgje for at kommunane behandlar personopplysingar i tråd med regelverk og god praksis. Ombodet skal hjelpe tilsette og innbyggjarar med personvernspørsmål.

Personopplysningar er all informasjon eller vurderingar som ein kan knyte til deg som enkeltperson. All behandling av personopplysningar er regulert av personopplysningslova. Denne lova skal ivareta personvernet ditt,  gjennom å setja krav til korleis slike opplysningar skal bli behandla.

Personvernombodet skal:

  • Informere og gje råd til behandlingsansvarleg og dei tilsette
  • Overvake etterleving av forordninga og interne retningsliner
  • Gje råd om DPIA (personvernkonsekvensar), og kontrollere gjennomføringa av desse
  • Samarbeide med Datatilsynet, og vera kontaktpunkt for Datatilsynet
  • Vere kontaktpunkt for dei registerte

 

Rett  til innsyn

Alle innbyggjarane har rett til innsyn i kommunen si  behandling  av personopplysningar. Retten gjeld generell informasjon og  opplysningar som er registert på dei. Tilsette har på same måte rett til innsyn om kva kommunen som arbeidsgjevar har registert om dei. For mindreårige og umyndige har føresette eller verge  rett til innsyn i registrerte opplysningar.

Innbyggjar og tilsette,  som ønskjer innsyn i behandling av personopplysningar i  kommunen,  kan kontakte tenesta eller avdelinga som utfører behandlinga.

Andre spørsmål kan rettast til personvernombodet

 

Korleis kontakte personvernombodet?

Epost: personvernombod@vaga.kommune.no

Sentralbord: 61 29 36 00

Mobil: 48 16 55 34