Vikariat lærarstillingar Vågå ungdomsskule - utvida søknadsfrist!

 

  • Ein av våre lærarar skal ha fødselspermisjon, og vi søker difor etter vikar i 90% stilling for perioden 01.02.-05.11.2023. Fagønske er norsk og spesialpedagogikk.
  • I tillegg vil vi frå 01.01.-16.06.23 ha ledig vikariat i om lag 40%. Fagønske er spesialpedagogikk og erfaring som lese- og skriverettleiar.

Vågå ungdomsskule har skuleåret 2022-2023 116 elevar. Frå skulestart i august 2023 vil elevtalet vera 129. Skulen har pr d.d. 23 lærarar, fire fagarbeidarar, ei merkantil stilling, rektor og assisterande rektor.                                    

Hovudmålet i grunnskulen i Vågå er nynorsk.

Er du klar for utfordring og utvikling?

Våre overordna mål er:

  • Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
  • Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.

Satsingsområde i Vågåskulen:

  • Det har gjennom fleire år vore sterk satsing på bruk av IKT i skulen i Vågå, og alle elevane våre har eigen skule-PC.
  • Tidleg innsats
  • Forpliktande samarbeid heim/skule

Vi søker etter engasjerte lærarar som:

  • er sterke på klasseleiing og relasjonsbygging
  • har god digital kompetanse og erfaring i bruk av digitale verkty i undervisninga
  • er løysingsorienterte og har evne til fleksibilitet
  • er gode på samarbeid
  • har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.

Stabilitet og personlege eigenskapar blir vektlagt, saman med utdanning og praksis. Det er ønskeleg at dei som søker gir opp referansar i søknaden.

Vi søker primært etter grunnskulelærarar, men også godkjent undervisningskompetanse (PPU) vil ved særskilte fagbehov bli vurdert.  Søkjarane blir bedne om å gi opp kva fag dei har fordjuping i.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.

Nærare informasjon om stillingane får du ved å kontakte:

Helen Øygarden– rektor Vågå ungdomsskule. Tlf. 91194130, e-post: helen.oygarden@vagaskulane.no

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Søknadsfrist:  8. desember 2022.

Kontakt

Helen Øygarden
Rektor Vågå ungdomsskule
Telefon 61 29 39 00
Mobil 911 94 130