Vågå kommune treng ny kommunedirektør!

Julegata i Vågå 2022 - Klikk for stort bilde

Vi er ein liten, men høgst levande kommune nord i Gudbrandsdalen. Vi ligg midt i det norske fjellandskapet, der store delar av Jotunheimen, med mellom anna Besseggen, ligg innanfor kommunegrensene. Vågå er ein halvtime frå Rondane, tre kvarter frå Dovrefjell og eit par timar frå fjordarmane på vestlandet. Men vi ligg også midt i Sør-Norge, fire timar til Oslo og tre timar til Trondheim. Vågå har eit variert næringsliv og gode oppvekstvilkår, med full barnehagedekning og ein god skule.

Vi byr på ein plass der det rett og slett er fantastisk å bu! Her finn du noko av det vakraste som finst av norsk kulturlandskap, med store mengder bonderomantikk og gamle tømmerhus. Her kan du delta i eit blomstrande kulturliv i ein kommune med klippekort på å arrangere landsfestival og landskappleik, med eit kunstgalleri som dreg besøkjande frå heile landet, og der det frivillige feltet byggjer attraktivitet i flotte idrettsanlegg og sosiale møteplassar.

I motsetning til store delar av distrikts-Norge og regionen elles, har vi over tid hatt ei positiv folketalsutvikling, i stor grad som følgje av tilflytting av yngre familiar og busetting av flyktningar. Vi har eit levande og framoverlent næringsliv, med hovudvekt på landbruk, anleggsverksemd og turisme. Dei siste åra har det vore knoppskyting av serverings- og overnattingsverksemder, og det blir gjort store private investeringar i reiselivet. Vår utfordring har dei seinare åra ikkje vore mangel på arbeidsplassar, men på arbeidstakarar, og ikkje manglande interesse for å busette seg i kommunen, men mangel på bustadar.

Vi har ein liten kommuneadministrasjon, med kort avstand mellom dei enkelte delane av drifta og administrasjonen, stabil god økonomi, og i siste kommunebilde frå Statsforvaltaren, var vi einaste kommunen i Innlandet utan raude risikoområde. Likevel byr vi ikkje fram ei "slappe av-stilling". Her må du brette opp ermene frå fyrste dag.  

Vi er ein organisasjon – både politisk og administrativt ­– med stort engasjement, stor takhøgde og innsatsvilje. Vi har humor og humør i bøtter og spann, og det er mykje latter i gangane og på møteromma. 

Kven er du?

Du er ein strategisk og nytenkande person som vil vera med å drifte og utvikle ein kommune i fjell-Norge. Du er interessert i å bu i, og vere ei del av lokalsamfunnet vårt.

Du har god forståing av rolla ein kommunedirektør har som administrativ leiar av kommunen, og samspelet mellom deg og den politiske leiinga. Du har også god forståing for kva kommunal drift inneber og av breidda i oppgåvene ein kommune utfører.

Du ønskjer å vidareutvikle og styrke samarbeid med andre kommunar, statlege organ, næringsliv og andre eksterne samarbeidspartar.

Du er sterk på gjennomføring og toler meiningsbrytingar. Du er ein trygg og tydeleg LEIAR som evnar å motivere og inspirere medarbeidarane dine, bygge lag og samarbeide både innanfor eigen organisasjon og i regionen.

Personleg eignaheit vil bli tillagt avgjerande vekt.

Kva har du gjort tidlegare?

Du har ei form for høgare utdanning, helst innanfor faget økonomi og leiing. Det er bra om du også har noko utdanning innan juridiske fag, spesielt innan forvaltningsrett.

Du har solid og god økonomiforståing.

Du har leiarerfaring, helst innan kommunal sektor. Breidde i leiarerfaring er likevel ønskeleg, og privat næringsliv, organisasjonsliv, forsvar og offentleg forvaltning utanfor det kommunale, er alle positive erfaringar.

Kva kan vi tilby deg?

Vi byr på mykje og hardt arbeid. Leiing av den daglege drifta i ein kommune er både komplisert og mangesidig, og krev mykje av både faglege og personlege eigenskapar. Kommunedirektøren må gå fremst i det langsiktige utviklingsarbeidet av kommunen. Sjølv om struktur og tenesteproduksjon i våre eigne augo nå har funne ei form som ikkje har akutt behov for endring, er det ei kjensgjerning at rammene for kommunal drift vil endre seg i åra som kjem. Kommunen må vera i ein kontinuerleg prosess med å tilpasse drifta etter rammene.

Vi byr på konkurransedyktig lønn.

Vi byr på moglegheita til å vere med på eit engasjert lag, til å utvikle kommunen og samtidig utvikle og utfordre deg sjølv og evnene dine.

Administrasjonsspråket i Vågå er nynorsk.

Dersom du ønskjer fleire opplysningar om stillinga, kan du kontakte ordførar Harald Sve Bjørndal på telefon 913 55 807.

Søknad skal sendast som elektronisk søknad innan 10.02.2023 (utvida frå 10.01.2023).

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort, sjølv om du reserverer deg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Harald Sve Bjørndal
Ordførar (Bygdalista)
Mobil 913 55 807