Tilkallingsvikar Miljøterapitenesta

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.  For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.vaga.kommune.no eller  www.vågåleve.no.

 

Miljøterapitenesta er ei av fire einingar under Helse- og meistring. Vi gjer individuelt tilrettelagt miljøbehandling til menneske med ulike utfordringar. Meistringsopplevingar i kontekst av personen sine mogelegheiter er viktig hos oss.

Vi søkjer etter tilkallingsvikarar som kan arbeide i bufellesskap og dagsenter. Tilkallingsvikarar kan også bli vurderte dersom det skulle bli behov for lengre vikariat.

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant arbeidserfaring er ein fordel
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg.
  • Relevant fagkompetanse er ein fordel.

Eigenskapar

  • Evne til å arbeide brukar-/pasientretta.
  • Evne til god kommunikasjon og samarbeid.
  • Strukturert og sjølvstendig.
  • Kreativ, nytenkande og fleksibel.
  • Positiv og løysningsorientert.

Det vert krevd politiattest ved tilsetjing. Personlige eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.

Lønn etter gjeldande avtale. Konkurransedyktig pensjonsordning. yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Ved spørsmål, kontakt tenesteleiar for miljøterapitenesta, Nina Løkken Bråten 91754312.

Søknadsfrist: 10.10.19

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Nina Løkken Bråten
Tenesteleiar miljøterapitenesta
Mobil 917 54 312