Dei som ønskjer å stå som tilkallingsvikarar neste skule-/barnehageår må melde dette skriftleg (på nytt) via elektronisk søknadsskjema.
Tilkallingsvikarar kan også bli vurderte om det skulle bli behov for lengre vikariat komande skule-/barnehageår. Ta kontakt med styrar/rektor ved den aktuelle barnehage/skule dersom du har spørsmål.
Søknadsfrist: 31. oktober 2023.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.