Stipendstillingar for sjukepleie-/ vernepleiestudentar – med garanti om 100% fast jobb etter fullført utdanning.

Vågå kommune lyser med dette ut stipendstillingar til deg som studerar sjukepleie eller vernepleie. Her med garanti om 100% fast stilling i kommunen etter dokumentert bestått utdanning og framlagt autorisasjon!

Stillingane er knytt til 3 av 4 einingar i Helse- og meistring. Stipendet vert tildelt etter fylgjande plan:

 

Fulltidsstudie over 3 år:

  • Stipend 1. år kr: 20.000,-
  • Stipend 2. år kr: 30.000,-
  • Stipend 3. år kr: 30.000,-
  • Tilbod om arbeid 3. kvar helg under utdanning. Ordinære tilsetjingsvilkår og studentavlønning.

Deltidsstudie over 4 år:

  • Stipend 1. år kr: 25.000,-
  • Stipend 2. år kr: 25.000,-
  • Stipend 3. år kr: 25.000.-
  • Stipend 4. år kr: 25.000,-
  • Tilbod om 50 % stilling med arbeid 3. kvar helg under utdanning. Ordinære tilsetjingsvilkår og studentavlønning.

Generelt kring studentavlønning:

  • 80% av grunnløn sjukepleier/vernepleier etter fullførte 60 stp
  • 90% av grunnløn sjukepleier/vernepleier etter fullførte 120 stp

 

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer deg som startar på sjukepleie- eller vernepleiestudiet hausten 2022 eller som allereie er godt i gang med utdanninga, dokumentasjon frå studiestad må framsynast.

Du må kommunisere godt på norsk, og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader (skal leggjast fram ved tiltreding).

Førarkort kl B.

 

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som vil vera med å skape ein meiningsfull og trygg kvardag for pasient og brukar, og som ser verdien av heilheitleg omsorg, livsglede og mobilisering av pasient/ brukar sine eigne ressursar.

Du brenn for faget og engasjerer deg i fagutvikling, tek ansvar og arbeidar målretta med pasienttiltak og oppfylging av desse.

Du ynskjer å bidra på oppgåva med å vidareutvikle einingane, og har fokus på innovasjon og kvalitetsforbetring.

Du er påliteleg og tillitsvekkjande, fleksibel, initiativrik og endringsvilljug, har pågangsmot, er løysningsorientert og har gode samarbeidsevner.

 

 

Tilsetjingsvilkår:

Stipend blir omgjort til lån i disse tilfelle:

  • ein vel å ikkje takke ja til arbeid under utdanninga eller etter bestått utdanning
  • ein vel å seie opp innan 2 år etter fullført utdanning

Stipend lyt da betalast attende i si heilheit til Vågå kommune etter avtala betalingsplan.

Ein må fortrinnsvis leggje ferien utanfor hovudferieavvikling om sommaren(6 veker).

 

 

Vi kan by på:

  • Stipend under utdanning
  • Fast stilling direkte etter fullført utdanning og innvilga autorisasjon
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Turnus med moglegheit for tilpassing/ ynskje
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø med fokus på kompetanse- og vidareutvikling av tenestene

 

Tilbod om stilling vert gjeve i den tenesta det til ei kvar tid er størst behov.

Det vert gjennomført intervju med aktuelle søkjarar før tilbod vert gjeve.

 

Høyrest dette aktuelt ut for deg eller har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Ikkje aktuelt for deg, men kjenner du nokon dette kan vera aktuelt for? Da vert vi glade om du vidareformidlar utlysinga.

 For meir informasjon kring stillingane: Hanne Stokke Moen, Kvalitetskonsulent Helse- og meistring, Tlf. 948 65 287, epost: hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no

 

Vonar vi høyrer frå nettopp deg😊

  

 

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

 

Søknadsfrist: 30.10.2022

 

 

 

Stutt om einingane våre:

I Helse- og meistring har vi fokus på fagutvikling, og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring både på systemnivå og på operativt nivå i kvardagen. Det er mykje positivt som skjer i tenestene, og vi kan tilby god opplæring, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette. Vi har og felles fagdagar på tvers av alle tenesteområda i sektoren, og ynskjer å nytte den enkelte tilsette si kompetanse til det beste for både pasient/ brukar og organisasjonen. Vi har ei god fagleg blanding av tilsette, både i alder og profesjon.

 

Vågåheimen er sjukeheimsinstitusjon med ei langtidsavdeling der det er 18 plassar, ei demensavdeling med 8 plassar  og ei kortidsavdeling der det er 6 plassar. Tilsette arbeider i primærgrupper og det er ein avdelingsleiar under tenesteleiar.

 

Heimetenesta gjev tenester til pasientar og brukarar som bur heime. Tenesta er inndelt i sonar, og tilsette arbeider i primærgrupper. Organisatorisk er det ein tenesteleiar med ein avdelingsleiar, samt ein fagsjukepleiar tilknytt  heimesjukepleia.

 

Miljøterapitenesta arbeidar for å skape gode og tilrettelagde tenester for dei funksjonshemma og deira familiar. Vi gjev tenester til personar som ofte treng omfattande bistand for å meistre dagleglivet. Organisatorisk er det ein tenesteleiar med to avdelingsleiarar, samt fagansvarlege.

Finntunet bufellesskap er samlokaliserte bustader for personar med psykisk utviklingshemming. Det bur 11 personar her. Finntunet har og ei avlastningseining.

Eksismoen bufellesskap har 8 bueiningar der 3 av desse er nytta av personar med psykisk utviklingshemming. 5 av bustadane er nytta av psykisk helseteneste.

Dagsenteret Solhaug er eit arbeids- og aktivitetssenter til brukarar med psykisk utviklingshemming.

 

                                                                       ---

 

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Hanne Stokke Moen
Kvalitetskonsulent
Mobil 948 65 287