Sommarjobb for ungdom under 18 år

Det blir teke inn ungdommar under 18 år på teknisk sektor og på Vågåheimen sommaren 2021.

Teknisk sektor

Det vil bli teke inn ungdom under 18 år (født i 2004, 2005 eller 2006)

teknisk sektor i perioden veke 25-32, slik at det blir to puljar på fire ungdommar som kvar arbeider fire veker.

Arbeidsoppgåver: Generelt vedlikehald av grøntareal og anna.

Eventuell relevant praksis skal opplysast i søknad. Vi søkjer å tildele jobbane etter 50/50 mellom gutar og jenter så langt som råd.

Nærare opplysningar blir gjeve av avdelingsleiar Kåre Frydenlund, tlf. 41 41 01 12, eller kare.frydenlund@vaga.kommune.no

Vågåheimen:

Det vil bli teke inn ungdom under 18 år (født 2004, 2005 eller 2006) til miljøarbeid med pasientar på Vågåheimen i perioden 26-30. Det blir ei pulje på fem veker for tre ungdommar.  Eventuell relevant praksis opplysast i søknad.

Nærmare opplysningar blir gjeve av tenesteleiar Marianne Stadeløkken, tlf. 61293755 eller marianne.stadelokken@vaga.kommune.no                   
 

Vi ber deg varsle i søknaden dersom du ikkje er ledig for arbeid i heile perioden. Skriv også kvar du ønskjer å arbeide.

Søknad sendast på elektronisk søknadsskjema som du finn på heimesida www.vaga.kommune.no innan 15.03.21. Attestar og vitnemål kan sendast som vedlegg til søknadsskjemaet, som e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller som vanleg post til Vågå kommune, Servicetorget, Edv. Storms veg 2, 2680 Vågå. 

Kontakt

Kåre Frydenlund
Ingeniør kommunale bygg
Telefon 61 29 36 62
Mobil 414 10 112
Marianne Stadeløkken
Tenesteleiar Vågåheimen
Mobil 970 29 735