Søk på ferievikariat innan helse og meistring for sommaren 2023!

Vi har fleire spennande moglegheiter for deg som ønskjer å arbeide innanfor Helse og Meistring i Vågå Kommune i sommar!  

 

Arbeidsperiode:  19.06.2023 - 13.08.2023

 

Trivst du med å arbeide med folk og blir motivert av å gjeva andre ein betre kvardag så bør du søkje på ferievikariat hjå oss! Det blir utbetalt eit ekstra honorar til dei som fullførar ferievikariat. I tillegg kan vi tilby ein sum i bustønad for deg som må leige overnatting for å arbeide her i same periode. 

 

Ta gjerne kontakt med oss digitalt eller når vi er på besøk: 

11. januar 2023 - Høgskulen i Innlandet, Lillehammer
17. januar 2023 - NTNU Gjøvik

18. januar 2023 - NGVS Lom (matfri)
19. januar 2023 - NGVS Otta (matfri)

9. februar 2023 - Stillingsleppet 2023, Otta Kulturhus

Litt om dei ulike arbeidsplassane og arbeidsoppgåvene:

 

Vågåheimen: Vågåheimen er i dag Vågå Kommunes største arbeidsplass med omkring 70 tilsette og er heile kommunen si sjukeheim. Daglege oppgåver kan være innan pleie og omsorg, men vi har også ledige vikariat på kjøkenet. Turnus.

Heimetenesta: Heimetenesta møter brukarane der dei bur og som treng bistand i heimen i kvardagen. Oppgåver kan være heimesjukepleie og praktisk bistand/personleg assistanse. Turnus.

Rus og psykisk helseteneste, butilbod: Butilbodet er lokalisert i nærheita av dagenheita  for Rus og psykiske lidingar og huser pr i dag 4 brukare. Brukarane har personale tilgjengeleg store deler av døgnet. Vi arbeidar for ein trygg og forutsigbar kvardag for våre brukare. Tilsette i tenesta jobbar tett saman med personalet i dagenheita og vi samarbeider  om oppgåver og veiledning kring den einskilde brukar. Konkrete oppgåver er Miljøarbeid, samtalar, aktivitet og meistring. Det kan og bli aktuelt å bistå i arbeidet kring dagsenteret – HUSET som er en triveleg møteplass for menneskjer tilknytt ROP tenesta i kommunen. Turnus.

Miljøterapitenesta: I Miljøterapitenesta arbeider vi for menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at kvar enkelt brukar skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi skal ha eit høgt fagleg fokus, og arbeide for å gjera kvarandre gode. Dette er dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ei langsiktig, fagleg og god teneste for tenestemottakarane våre. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering og rettleiing. Turnus.

Helsesenteret: Til helsesenteret treng vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar.  Legetenesta består av 4 legar  og 1 LIS1 lege. Tilsaman 4 hjelpepersonell. Du må kunne takle en hektisk arbeidsdag. Vera serviceinnstilt og imøtekommande overfor pasientar og kollegaer. Arbeidet vil bestå i resepsjon/ekspedisjon, sentralbord, journaldokumentasjon. Dette må skje på ein ryddig, trygg og profesjonell måte. Du må inneha helsefagleg bakgrunn og ein fordel om du har erfaring frå liknande arbeidsoppgåver. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Dagarbeid måndag til fredag. 

Hjelpemiddelkontakt: 
Vi treng ein hjelpemiddelkontakt som hjelper til med utkøyring, henting, reparasjon og liknande. Vikaren har også ansvar for velferdsteknologi som blant anna trygghetsalarm. Omlag 100% stilling. Dagarbeid måndag til fredag. 

 

For stillingane søkjer vi deg som:

  • Har fylt 18 år ved oppstart.
  • Blir motivert av å arbeide med folk og å gjeve andre ein betre kvardag.
  • Innehar relevant erfaring frå arbeid med menneskjer i ulike situasjonar.
  • Fortrinnsvis kan arbeide i heile perioden 19.06.2023-13.08.2023.
    Ønskje om eventuelle fridagar må gjerast kjent i søknaden. 
  • Er ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Er kreativ og endringsorientert, samt lojal mot planar.
  • Innehar gode relasjons- og samarbeidsevner.
  • Kommuniserer tydleg på norsk, munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
  • Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
  • Fleksibel og godt humør
  • Har plettfritt vandel for arbeid innan helseområdet, og kan levere uttømmande politiattest før oppstart.


Søkjarar med fagkompetanse vil bli prioriterte til stillingane direkte knytt til helsearbeid(sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar innan desse fagområda). Men vi oppfordrar alle som er interessert til å søkje.

Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt.

 

Krav til spesifikke stillingar:

  • Førarkort klasse B og bil til disposisjon for stillingar innan Heimetenesta, Miljøterapitenesta og som hjelpemiddelkontakt.

 

Ut i frå arbeidsstad og stilling kan arbeid finne stad både dag, kveld og på helg. Vi vil også ha nokre nattevakter innafor nokre av stillingane. 

Venlegast spesifiser i din søknad kva du ønskjer å arbeide med og ved kva for arbeidsstad.

 

Vi kan tilby:

  • Bustønad for deg som ikkje bur i Nord-Gudbrandsdalen
  • Ekstra honorar etter fullført sommarvikariat
  • Konkurransedyktig løn
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • God opplæring

 

Spørsmål eller søkje med ein gong?

Spørsmål kan rettast til Kvalitetskonsulent Hanne Stokke Moen hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no Mobil: 94865287

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 12.02.2023

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Hanne Stokke Moen
Kvalitetskonsulent
Mobil 948 65 287