Sel og Vågå søkjer etter felles by- og bygdeutviklar til 100% prosjektstilling!

Sel og Vågå er to naturskjønne kommunar som ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Vågå og Sel en ein del av ein fjellregion med vakre nasjonalparkar, rike folketradisjonar og ein sterk nasjonal posisjon innan natur- og kulturbasert reiseliv.

Er du også einig i at Norddalen er den flottaste plassen å bu, men at vi har litt å gå på når det gjeld marknadsføring, bustadutvikling og generelt arbeid med attraktivitet? Brenn du for at andre skal sjå kor flott det er her, men samstundes for at dei som allereie er her ikkje flyttar annan stand? Klarar du å sjå nye moglegheiter og områdar for utvikling for at fleire ønskjer og kan gjera Sel eller Vågå til sin permanente heim?

Sel kommune og Vågå kommune søkjer nå i lag etter ein by- og bygdeutviklar, i 100% prosjektstilling, som skal fronte og arbeide målretta med dette arbeidet. Prosjektet går over 2 år, med moglegheit for forlenging.
Vi ser etter deg som ser moglegheiter og som har gjennomføringsevne. Stillinga skal legge til rette og samhandle på tvers av kommuneorganisasjonane. Samt ha tett dialog med privat næringsliv og andre aktørar i kommune, fylkeskommune, husbanken med fleire.

Vi kan tilby deg ein variert arbeidskvardag med oppgåver som har stor påverknad for kommunane, godt arbeidsmiljø og tverrfagleg kommunalt og regionalt samarbeid.

Vågå kommune er arbeidsgjevar, men som dei gode naboane vi er skal du ha kontor i begge kommunane.

Du må rekne med noko arbeid på kveld og helg.

Oppstart: Snarast råd.

Mål for stillinga er mellom anna:

  • Marknadsføring av Sel og Vågå kommune som bu og arbeidsplass
  • Bustadutvikling i begge kommunane
  • Strategiar for attraktivitet og rekruttering
  • Kontaktperson inn mot regionalt attraktivitetsarbeid
  • Tett dialog og samarbeid på tvers av kommuneorganisasjonane, samt med andre aktørar; kommunalt, regionalt og det private næringsliv.


Kvalifikasjonane dine:

  •  Relevant utdanning frå universitet eller høgskule innan til dømes innovasjon, entreprenørskap, prosjektstyring, merkevarebygging eller liknande er ein fordel.
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  •  Komfortabel med digital marknadsføring og digitale plattformar
  •  Kjennskap til Sel og Vågå, Nord-Gudbrandsdalen og lokalt næringsliv er ein fordel
  •  Førarkort kl. B og tilgang til eigen bil

Eigenskapane dine:

  • Serviceorientert og lojal mot planer
  • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Kreativ og løysingsorientert og ser moglegheiter
  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
  • Initiativrik

Vi ser etter deg som har pågangsmot og ønskjer å gjera ein forskjell for positiv utvikling av Sel og Vågå.

Personleg eignaheit vil bli tillagt avgjerande vekt.

Vi tilbyr:

  • Ein spennande og nyoppretta prosjektstilling med moglegheit for å gjera ein forskjell
  • Arbeid i trivelege og tverrfaglege arbeidsmiljø på tvers av to kommunar
  • Løn etter avtale

 

 

Søknadsfrist: 30.09.2022

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lovar, reglar og avtaler.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

 

Ønskjer du å vite meir?

Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av kommunedirektørane i Vågå og Sel; Jan Egil Fossmo tlf. 90132335 / Solveig Nymoen tlf. 41537293.

Sjå gjerne heimesidane våre (Sel kommune / Vågå kommune ), og https://www.komtiloss.no/!

 

 

Vågå kommune og Sel kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Jan Egil Fossmo
Kommunedirektør
Mobil 901 32 335