Regnskapskontrollør

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.

Ved Skatteoppkrevjarkontoret for Ottadalen har vi ledig 100 % fast stilling som regnskapskontrollør for arbeidsgjevarkontrollen i Nord-Gudbrandsdalen. Arbeidsgjevarkontrollen er eit samarbeid mellom alle seks kommunane i norddalen der Vågå er vertskommune. Skatteoppkrevjarkontoret er faglig underlagt skatteetaten, men er administrativt underlagt kommunen.

Arbeidsoppgåver

- Kontroll av lønnsområdet, også ute hjå arbeidsgjevar

- Bokettersyn med kontroll av regnskap

- Informasjonstiltak og rettleiing om gjeldande regelverk retta mot arbeidsgjevar

- Kontroll av A-melding, skattetrekk og arbeidsgjevaravgift

- Oppfølging av gjennomførte kontroller.

- Delta i tverrfaglige samarbeid for å kjempe mot A-krim.

Det kan også påreknast andre arbeidsoppgåver innafor avdelinga sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

- Bachelorgrad (B.sc) innafor regnskap, økonomi eller tilsvarande

- Lang og relevant praksis kan kompensere for kravet til høgskule

- God forståing for regnskap

- Gode IKT-kunnskapar

- Førarkort klasse B

Personlege eigenskaper

- Stor arbeidskapasitet og nøyaktig

- Sjølvstendig og tek initiativ

- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

- Godt arbeidsmiljø, interessante arbeidsoppgåver og fleksibel arbeidstid

Det gjeld spesielle regler for moglegheit til å ha bistilling/bierverv og/eller næringsinteresser.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Søknadsfrist: 19.09.19.
 

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte skatteoppkrevjar Svein Morten Haverstad tlf. 61 29 36 55 / 94 16 78 92, e-post svein-morten.haverstad@vaga.kommune.no.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer

Kontakt

Svein Morten Haverstad
Skatteoppkrever
Telefon 61 29 36 55