Miljøterapeut 80% vikariat -Miljøterapitenesta

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.

 

Miljøterapitenesta er ei av fire einingar under Helse- og meistring. Vi gjer individuelt tilrettelagt miljøbehandling til menneske med ulike utfordringar. Meistringsopplevingar i kontekst av personen sine mogelegheiter er viktig hos oss.

Vi har i dag to midlertidige 80% stillingar ledig.

Som miljøterapeut vil du arbeida i team med fokus på kvalitet, tilrettelegging, planlegging og gjennomføring av målretta miljøterapeutisk arbeid i tråd med gjeldande lovverk. Oppgåvene dine vil vera tett knytt opp mot teamet for å bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer.

Me søker deg med rett innstilling og haldningar til det viktige arbeidet som skal gjerast. Me kan tilby ein variert arbeidskvardag med stort fokus på kvalitet i arbeidet, godt arbeidsmiljø med ulike kollegaer i ulike aldrar, og eit sterkt tverrfagleg samarbeid.


Kvalifikasjonane dine:

  • Vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Personar med anna 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning vert også oppmoda om å søka.
  • Vidareutdanning innan psykisk helsevern, miljøterapi eller liknande er eit føremonn.
  • Fagbrev som helsefagarbeidar
  • Kompetanse og/eller erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.
  • Kunnskap om og erfaring med relevant regelverk; HOL Kap9, TPHV, PBRL 4a og liknande.
  • Erfaring frå arbeid med menneske i krevjande fasar i livet.
  • Komplementære ferdigheiter innan friluftsliv, idrett, musikk, handverk etc.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)


Eigenskapane dine:

  • Fagleg engasjert, med gode evner til å integrere daglegdagse gjeremål i miljøbehandlinga.
  • Ansvarsbevisst.
  • Kreativ og endringsorientert, samt lojal mot planar.
  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
  • Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
  • Fleksibel og godt humør.
  • Personleg eigenheit vil bli tillagd avgjerande vekt.

Det vert krevd politiattest ved tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår.
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.

 

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

 

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 26.09.2019

 

Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av:

Tenesteleiar Nina Løkken Bråten, tlf. 91754312

 

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Nina Løkken Bråten
Tenesteleiar miljøterapitenesta
Mobil 917 54 312