Fast stilling som assisterande styrar i 50% stilling i Søre Grindstugu barnehage frå 01.01.2024
Denne stillinga kan kombinerast med 50% på avdeling.
Kvalifikasjonar;
- barnehagelærar
- erfaring med administrative oppgåver,
- ønskjeleg med etterutdanning i spesialpedagogikk eller innan leiing
- gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftlege
Arbeidsoppgåver;
- merkantile oppgåver, samarbeide med andre instansar,
- delta i møter med ulike samarbeidspartnarar,
- delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid med meir
- stadfortredar for styrar
- medansvarleg for endrings- og utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar;
- du må ha gode samarbeidsevne
- du må kunne jobbe sjølvstendig
- du må halde deg fagleg oppdatert
Svangerskapsvikariat for barnehagelærar frå 4.des -23 til og med 12.juli -24.
Stillinga er knytt til 5-års avdelinga / Elgen.
Fokusområdet til barnehagen er tilsette si rolle i leik.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein god rollemodell som er aktiv i relasjon og leik med barn
- Bidra aktivt til eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
- Samarbeide med kollegaer om å løyse barnehagens oppgåver
- Samarbeide godt med pedagogisk leiar
- Medansvar for endrings- og utviklingsarbeid
- Gjennomføre foreldresamtaler
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi verdsett mangfald, der alle involverast og tek ansvar i utvikling av barnehagen, samtidig ynskjer vi at du:
- Kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre i arbeid mot felles mål
- Har eit glødande engasjement for barna
- Har ei helse som er foreinleg med arbeidets art
For båe stillingane vil personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheit til å kunne påverke eigen arbeidskvardag og barnehagen sin faglege utvikling
- Lønn etter sentrale avtaler og Vågå kommunes lokale avtaler
- God pensjonsordning
Søknadsfrist: 01.10.2023
Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Nærare opplysingar får du ved å kontakte styrar:
Jorunn Linderud tlf. 976 05 695, jorunn.linderud@vaga.kommune.no
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.