Ledig fast 75% stilling som sjukepleiar på Vågåheimen

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.

Vågåheimen er i dag Vågå Kommunes største arbeidsplass med over 80 tilsette og er heile kommunen si eldre- og sjukeheim.

Ved Vågåheimen har vi nå ledig ei fast 75% stilling for deg som er autorisert sjukepleiar. Stillinga har arbeid i turnus (dag/kveld) kor helgefrekvens per dags dato er kvar 3. helg. Ønskje om snarleg oppstart. 

Arbeidsoppgåver:

  • Ordinære sjukepleieoppgåver etter brukars behov
  • Dokumentasjon
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeid med pårørande

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant erfaring er eit føremon
  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
  • Førarkort for bil, klasse B er ønskjeleg
  • God fagleg innsikt og tryggheit


Eigenskapane dine:

  • Fagleg engasjert.
  • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjøvstendig
  • Kreativ og endringsorientert, samt lojal mot planar.
  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
  • Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
  • Fleksibel og godt humør.
  • Personleg eigenheit vil bli tillagd avgjerande vekt.

Det vert krevd politiattest ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.

 

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

 

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 17.05.2021

 

Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av:

Avdelingsleiar Eli Strøm tlf. 48 22 06 83.

 

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Eli Strøm
Telefon 61 29 37 56
Mobil 482 20 683