Ledig 100% fast stilling i Heimetenesta som personleg assistent

Heimetenesta er ei av fire einingar under Helse- og meistring. Det omfattar mellom anna heimetenester, dagtilbod  for heimebuande med demens. Tenesta har i tillegg ansvar for drift av ordningar som det store brannløftet. velferdsteknologiske hjelpemiddel, omsorgsløn, avlastningstiltak , brukarstyrt personlig assistanse (BPA) og personleg assistanse (PA), støttekontakt. 

Ved Heimetenesta har vi ledig ei fast 100% stilling som personleg assistent

Personleg assistent har dei oppgåvene som trengs for at brukar skal kunne klare seg heime så som vaske, rydde, personleg stell, handle mat, bistå med rekningar mm.

Ein må pårekne noko turnusarbeid, ut frå pasientanes behov. I utgangspunktet er det dag og kveld, men treng brukar bistand på helg, vil det bli gjeve.

Ønskje om snarleg oppstart. 

Arbeidsoppgåver:

  • Oppgåver ut i frå brukar sine behov
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Dokumentasjon
  • Samarbeid med pårørande
  • Gjennomgå dei kurs og opplæring som er aktuelle for den enkelte brukar.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar vil vera ein fordel, men kurs og opplæring vil bli gjeve
  • Anna kompetanse som dekker pasientens behov, vil kunne bli vektlagt
  • Erfaring frå liknande oppgåver er ein fordel
  • Norskkunnskap tilsvarande minimum B1 – munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B er ynskjeleg
  • Erfaring frå og komfortabel med å arbeide med fleire ulike digitale system.

 Personlege eigenskapar   

  • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Kreativ og endringsorientert, samt lojal mot planar.
  • Gode kommunikasjons-, og samarbeidsevner.
  • Relasjonsbygger
  • Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
  • Fleksibel og godt humør.
  • Gjennomføringsevne
  • Løysingsorientert

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

Ved interne rokkeringar kan det bli andre brøkar ledige.
 

 Vi tilbyr:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 04.10.2023

 Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av:

Meir informasjon om stillinga blir gjeve av tenesteleiar Kitt Heidi Telebond på telefon 907 06 834 eller avd.leiar Siv Monika Horten på telefon 970 52 650.       

 

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.

Kontakt

Siv Monika Horten
Avdelingsleiar
Mobil 996 42 974
Kitt Heidi Telebond
Tenesteleiar heimetenesta
Mobil 907 06 834