Læreplassar hausten 2023 - ope søknadsfrist

Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass for lærlingar for å sikre god og kompetent arbeidskraft for framtida. Frå hausten 2023 har kommunen inntil seks ledige læreplassar:

Tre helsefagarbeidarar

Ein barne- og ungdomsarbeidar

To læreplassar i data og elektronikk / IKT-servicefag

Elevar som har bestått Vg1 og Vg2 kan søkje. Lærlingen vil få rettleiing og oppfølging av kompetente fagfolk. Vågå er ein stor og profesjonell arbeidsgjevar som har lang tradisjon i å utdanna lærlingar.

Lærlingane blir tilsett på ordinære læreavtaler som går over 24 månader, med oppstart august/september 2023.

For meir opplysningar kontakt Irene Ekren Gundersen tlf: 982 07 293,  

e-post: irene.gundersen@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: Søkjarane blir kontakta fortløpande. 

Søknad m/CV skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Gje eit stutt samandrag av kven du er og grunngje kvifor du ønskjer læreplass i vår kommune. Attestar og vitnemål kan du ta med på intervju.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Irene Gundersen
Personalsjef
Mobil 982 07 293