Helsesjukepleiar til 100% fast stilling

Vågå kommune søkjer etter helsesjukepleiar til 100% fast stilling i skule og helsestasjonstenesta frå april 2023, med ønskje om tidlegare oppstart om dette let seg gjere.

Sjukepleiarar som er i gang med vidareutdanning innan helsesjukepleie er også oppfordra til å søkje!                                                                                                                            

Ynskjer du ein utfordrande jobb der du kan delta i utviklinga av helsefremjande og forebyggande arbeid for barn og unge i alderen 0-20 år? I stillinga arbeider du for å fremje barn og ungdom si eiga helse ved å styrke deira evne til å sjå og mobilisere eiga ressursar og styrker. For å få til dette må du samarbeide med både barnet, foreldre og andre samarbeidspartar.

Organisering av tenesta: Skule og helsestasjonstenesta består av to 100% helsesjukepleiestillingar, Jordmor 48% kommunal og 52% i regional jordmorvakt, barnefysioterapeut, barnekoordinator og helsestasjonslege.

Skule og helsestasjonstenesta er lokalisert på Vågå helsesenter, i tilknyting til legeteneste og Rus- og psykisk helseteneste.

 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Jobbe etter gjeldene lover, forskrifter og retningslinjer knytt til helsefremmande og førebyggande arbeid med barn/ungdom og deira familiar
  • Førebyggande arbeid innan barn og unges fysiske, psykiske og sosiale helse
  • Individuell oppfølging av barn, ungdom og familiar
  • Rådgjeving, undervisning og rettleiing i klasser og grupper
  • Miljøarbeid og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til fagleg utvikling av fagfeltet
  • Generelle helsesjukepleiaroppgåver i helsestasjon og skule

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Fullført og godkjent vidareutdanning som helsesjukepleiar er ein fordel
  • Kandidatar som er i gang med vidareutdanning i helsesjukepleie er også oppfordra til å søkje, men det krevjast fullføring for å få fast stilling.
  • Relevant arbeidserfaring er ein fordel
  • God og tydeleg framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg 
  • Førarkort for bil (klasse B) og eiga bil til disposisjon i tenesta (mot godtgjersle etter gjeldande satsar)
  • Det vert kravd politiattest ved tilsetjing

 

Eigenskapar:

  • Fagleg dyktig og engasjert
  • Evne til å vise omsorg og bry deg om andre menneskjer
  • Flink til å lytte og formidle kunnskap på en god og forståeleg måte
  • Innehar gode samarbeidsevner og liker å jobbe tverrfagleg
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og systematisk
  • Fleksibel, nytenkande og løysningsorientering

 

Personleg eignaheit vektleggast. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.

 

Vi tilbyr

  • Engasjerte medarbeidarar som er opptatt av tidleg innsats, folkehelse, tverrfagleg samarbeid og utvikling av skulehelse- og helsestasjonstenesta
  • Utfordrande, men givande arbeidsoppgåver
  • Støtte ved oppstart og undervegs av helsesjukepleiar
  • Lønns- og tilsetjingsvilkår etter lov og avtaleverk.

 

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 24.02.2023

 

 

For nærmare informasjon kontakt tenesteleiar Liv Olasveen, tlf.: 99028291, liv.olasveen@vaga.kommune.no

eller

Helsesjukepleiar Aud Marit S. Marstein, tlf.: 95243112, aud-marit.sveinhaug.marstein@vaga.kommune.no

 

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Liv Olasveen
Tenesteleiar helsesenter
Mobil 476 27 394
Aud Marit Sveinhaug Marstein
Helsesjukepleiar
Mobil 952 43 112

Er å treffe 8.00 - 15.30 - måndag-fredag