Helsefagarbeidar i 50% vikariat ved Vågåheimen

Vågåheimen er den største enkeltarbeidsplassen i Vågå kommune, med om lag 70 tilsette og totalt 32 pasientplassar, fordelt på korttid og langtidsopphald. Institusjonen består av kompetente tilsette med sjukepleie- og helsefagleg utdanning. Sjukeheimen har eige aktivitetsstue, ligg midt i sentrum og har bibliotek, frivilligsentral, handlegate og helsesenter som næraste naboar.

Vågå har eit stort pågåande Helse og omsorgsprosjekt, kor sjukeheimen spelar ein viktig del av den framtidige satsinga og tilpassing av omsorgstrappa. Vågåheimen er også sentral i satsinga på velferdsteknologiske verkemiddel.

Ved Vågåheimen har vi nå ledig eit vikariat for deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar. Stillinga har arbeid i turnus (dag/kveld) kor helgefrekvens per dags dato er 3. kvar helg. Søkjar kan auke tilsetjingsstorleik med ekstra helg om ønskjeleg.

Oppstart: November 2022 (mogleg å starte opplæringa tidlegare etter avtale) 

Vikariatet går førebels over eitt år, med moglegheit for forlenging. 

Arbeidsoppgåver:

·         Ordinære oppgåver som helsefagarbeidar/hjelpepleiar/omsorgsarbeidar etter brukars behov

·         Dokumentasjon

·         Tverrfagleg samarbeid

·         Samarbeid med pårørande

 

Kvalifikasjonar

·         Autorisasjon som hjelpepleiar, helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar

·         Relevant erfaring er eit føremon

·         Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)

·         God fagleg innsikt og tryggheit


Eigenskapane dine:

· Fagleg engasjert.

·         Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig

·         Kreativ og endringsorientert, samt lojal mot planar.

·         Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.

·         Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.

·         Fleksibel og godt humør.

·         Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt.

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr:

·          Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.

·         Arbeid i tverrfagleg team.

·         Kompetanseheving.

·         Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.

 

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

 

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 03.10.2022

Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av:

Tenesteleiar Marianne Herlofsen Stadeløkken 97029735 

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Marianne Stadeløkken
Tenesteleiar Vågåheimen
Mobil 970 29 735