Helsefagarbeidar 80% fast -Heimetenesta

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.

Heimetenesta er ei av fire einingar under Helse- og meistring. Det omfattar mellom anna heimetenester, korttidsavdeling, dagtilbod  for heimebuande med demens. Tenesta har i tillegg ansvar for drift av ordningar som det store brannløftet. velferdsteknologiske hjelpemiddel, omsorgsløn, avlastningstiltak , brukarstyrt personlig assistanse (BPA) og personlig assistanse (PA). 

Ved Heimetenesta har vi ledig ei 80 % fast stilling som helsefagarbeidar med fordeling mellom heimehjelp(66%) og heimesjukepleie (14%). Stillinga har dagarbeid på vekedagar samt arbeid laurdag og søndag 3. kvar helg. Det opplysast om at interne omrokeringar kan skje.

 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Praktisk bistand heimehjelp
  • Ordinære helsefagoppgåver etter brukarens behov
  • Dokumentasjon
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeid med pårørande

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
  • Førarkort for bil, klasse B
  • Kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst
  • Er fleksibel og strukturert
  • Gjennomgått kurs i medisinhandtering
  • God fagleg innsikt og tryggheit
  • Gode kommunikasjons- og  samarbeidsevner

Det vert krevd politiattest ved tilsetjing. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår.
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.

 

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

 

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 26.09.2019

 

Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av:

Tenesteleiar Kitt Heidi Telebond, tlf. 90 70 68 34 eller avdelingsleiar Guro G Einbu tlf. 97 05 26 50.

 

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Kitt Heidi Telebond
Avdelingsleiar heimetenesta
Mobil 907 06 834
Guro Einbu
Avdelingsleiar heimetenesta
Mobil 970 52 650