Helsefagarbeidar 63,2% fast - Miljøterapitenesta

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.

 

Miljøterapitenesta er ei av fire einingar under Helse- og meistringVi gjer individuelt tilrettelagt miljøbehandling til menneske med ulike utfordringar. Meistringsopplevingar i kontekst av personen sine mogelegheiter er viktig hos oss.

Miljøterapitenesta søkjer etter helsefagarbeidar i 63,2% fast stilling.

Kvalifikasjonar

 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid innan miljøterapi/bufellesskap
  • Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg (tilsvarande minimum nivå B1).
  • Førarkort for bil, klasse B
  • Gjennomgått kurs i medisinhandtering er ein fordel
  • God fagleg innsikt og tryggheit
  • Det vert krevd politiattest ved tilsetjing.

Eigenskapar

  • Evne til å arbeide brukar-/pasientretta.
  • Evne til samarbeid.
  • Strukturert og sjølvstendig.
  • Kreativ, nytenkande og fleksibel.

Personlege eigenskapar vil bi vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med tenesteleiar for miljøterapitenesta, Nina Løkken Bråten på mobil 91754312.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Søknadsfrist: 26.09.19.

Kontakt

Nina Løkken Bråten
Tenesteleiar miljøterapitenesta
Mobil 917 54 312