Ferievikariat Sommaren 2021 - innan Helse og Meistring, samt reinhald

Vi har fleire spennande moglegheiter for deg som ønskjer deg sommervikariat i Vågå Kommune sommaren 2021! 
Nå lysast ut stillingar innan helse og reinhald, samt eit sommarvikariat som husfar. 

Helse og Meistring
 

Arbeidsperiode:  21.06.21 - 15.08.21

Vi har fleire spennande moglegheiter for deg som ønskjer å arbeide innanfor Helse og Meistring i Vågå Kommune i sommar!

Trivst du med å arbeide med folk og blir motivert av å gjeva andre ein betre kvardag så bør du søkje på ferievikariat hjå oss!

Litt om dei ulike arbeidsplassane og arbeidsoppgåvene:

 

Vågåheimen:
Vågåheimen er i dag Vågå Kommunes største arbeidsplass med over 80 tilsette og er heile kommunen si eldre- og sjukeheim. Daglige oppgåver kan være innan pleie og omsorg, men vi har også ledig vikariat på kjøken og i vaskeriet. Vi oppfordrar spesielt sjukepleiarar og kandidatar med anna helsefag utdanning/bakgrunn til å søkje til helsestillingane!

Heimetenesta:
Heimetenesta er ei spennande teneste med store faglege utfordringar. Tenesta er i kontinuerleg utvikling slik at vi kan tilby ei så god teneste som mogleg til våre brukarar.  Bruk av velferdsteknologi er eit av fokusområda i tenesteområdet. Heimetenesta er delt i heimetenester og heimesjukepleia. Arbeidsoppgåvane gis ut ifrå erfaring og utdanning og kan bestå av praktisk bistand heimehjelp, inkl. reinhald etter vedtak, helsefag- og sjukepleiaroppgåvar ut i frå brukarens behov (medisinhandtering, ernæringsoppfølgjing, sårbehandling, kommunikasjon med lege osv.). 

Vi har også dagsenter for demente på Solhaug (grøn omsorg) som held ope 4 dager per veke. 

Vi oppfordrar spesielt sjukepleiarar og kandidatar med anna helsefag utdanning/bakgrunn til å søkje! 

Miljøterapitenesta:
I Miljøterapitenesta arbeider vi for menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at kvar enkelt brukar skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi skal ha eit høgt fagleg fokus, og arbeide for å gjera kvarandre gode. Dette er dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ei langsiktig, fagleg og god teneste for tenestemottakarane våre. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering og rettleiing. Vi oppfordrar spesielt sjukepleiarar, vernepleiarar og kandidatar med anna helsefag utdanning/bakgrunn til å søkje!

Helsesenteret:
På Helsesenteret vil vi i sommar trenger vikar til å svare på og handtere førespurnader frå pasientar/brukarar. Dette skjer via skranke, mail og telefon og må skje på en ryddig, trygg og profesjonell måte. Kandidaten må inneha helsefaglig bakgrunn.

Husfar/Vaktmeister: 
Vi treng ein husfar som hjelper til med utkjøring, henting, reparasjon og liknande. Husfar har også ansvar for velferdsteknologi som blant anna trygghetsalarm. Omlag 50% vikariat. 


Vi søkjer deg som:

  • Blir motivert av å arbeide med folk og å gjeve andre ein betre kvardag.
  • Innehar relevant erfaring frå arbeid med menneskjer i ulike situasjonar .
  • Kan arbeide i heile perioden 21.06-15.08.2021. Ønskje om eventuelle fridager må gjerast kjent i søknaden. 
  • Har plettfritt vandel for arbeid innan helseområdet, og kan levere uttømmande politiattest før oppstart.
  • Kan arbeide på en ryddig og profesjonell måte etter rutiner og prosedyrer, samt overheld taushetsplikta.
     
  • Søkjarar med fagkompetanse vil bli prioriterte (sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar innan desse fagområda). Men vi oppfordrer alle som er interessert til å søkje.

Personlege eigaskaper vil bli vektlagt. 

Krav til spesifikke stillingar:

  • Førarkort klasse B og bil til disposisjon for stillingar innan Heimetenesta og Miljøterapitenesta (godtgjersle utbetalast etter Statens reiseregulativ)

Ut i frå arbeidsstad og stilling kan arbeid finne stad både dag og kveld, både vanlig vekedag og på helg. Vi vil også ha nokre nattevakter innafor nokre av stillingane. 

Venlegast spesifiser i din søknad kva du ønskjer å arbeide med og ved kva for arbeidsstad.

 

 

Tekniske tenester
 

Arbeidsperiode:  21.06.21 – 20.08.21

Det vil bli behov for vikarar innan reinhaldsoppgåver ved kommunale bygg.

Nærare opplysningar blir gjeve av Tea Myrum, tlf.: 904 01 350

 

 

Til stillingane tilbyr vi:

 

  • Interessant arbeid i eit godt arbeidsmiljø 
  • Moglegheit for vidare arbeid etter endt vikariat
  • Løn etter tariff/avtale

    Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

 

Korleis søkje?
 

Søknad for stillingane skal sendast på elektronisk søknadsskjema 


Søknadsfrist: 10. mars 2021. 
 

Attestar og vitnemål leggjast ved elektronisk skjema, eller sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller som vanleg post til Vågå kommune, Edv. Stormsv 2, 2680 Vågå.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt

Kitt Heidi Telebond
Tenesteleiar heimetenesta
Mobil 907 06 834
Nina Løkken Bråten
Tenesteleiar miljøterapitenesta
Mobil 917 54 312
Liv Olasveen
Tenesteleiar helsesenter
Telefon 61 29 37 26
Mobil 990 28 291
Marianne Stadeløkken
Tenesteleiar Vågåheimen
Mobil 970 29 735
Tea Myrum
Leiande reinhaldar
Mobil 416 06 138