Landbrukskafé - generasjonsskifte

onsdag 14. mars 2018, 19:00 - 21:00

Informasjon

Onsdag 14. mars kl 19.00 blir det landbrukskafé på Bokhandel'n kafé i Vågå. Tema er generasjonsskifte i landbruket.

Tidlegare advokat i Norges Bondelag, Anders Bjørnsen, og Landbrukskontoret for Vågå og Sel inviterer til landbrukskafé.

Seminaret vil passe for dei som vurderer å selje gard både innafor og utanfor familien, og dei som vurderer å kjøpe gard - primært innafor familien. Det vil også vere av interesse for dei som skal etablere seg eller har etablert seg på gard saman.

Tema:

  • Generell arverett og arverettens betydning ved generasjonsskifte
  • Generell odelsrett og odelsrettens betydning ved generasjonsskifte
  • Litt om prissetting ved sal mellom generasjonane
  • Rettar, kår og liknande
  • Etteroppgjer etter odelsloven
  • Skatt ved sal av landbrukseigedom
  • Formuesforhold mellom ektefeller og sambuarar som tek over gard

 

Det blir servering og alle er velkomne.

Sted

Bokhandel'n kafé
 

Kontakt

Vågå kommune
 

Legg til hendelsen i din kalender