Utbygging av breiband i Nord-Gudbrandsdal - høyring

Klikk for stort bilde

Kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja har dei seinare åra sendt felles søknad om tilskotsmidlar frå den såkalla NKOM-ordninga. Dette er tilskot som blir gitt til utbygging av høghastigheit breiband i område med privat busetting, der utbyggarane ikkje ser det som kommersielt forsvarleg å byggje ut.

Vågå kommune står som søkjar på vegne av kommunane i Nord-Gudbrandsdalen.
 
Ein søknad vil i fyrste omgang bli sendt til Oppland fylkeskommune, som vil prioritere søknadane frå Oppland, før dei blir sendt til NKOM for endeleg avgjerd. 
 
Fleire område i kommunane våre er alt bygd ut med breiband eller står for tur å bli bygd ut, men det er også område som ikkje har tilfredsstillande dekning. 
 
Vi ønskjer innspel på område som står utan tilfredsstillande breibanddekning.
 
Innspel kan sendast til din respektive kommune:
post@skjaak.kommune.no 
post@lom.kommune.no 
postmottak@vaga.kommune.no 
postmottak@sel.kommune.no 
postmottak@dovre.kommune.no 
postmottak@lesja.kommune.no 
 
Frist for innspel: 19. april 2019

Har du spørsmål til kva for område som er bygd ut eller står for tur i din kommune, kan du ta kontakt med ein av oss:

Lesja - Rigmor Bøe eller Vigdis Nedregård

Dovre - Inge Angård, Steinar Tolf Jacobsen eller Bernhard Svendsgard

Sel - Torfinn Stenersen

Skjåk - Eli Johanne Lundemo eller Marianne Stensgård

Lom - Rønnaug Nyrnes

Vågå - Roar Strand
 

Sjå også nkom.no for meir informasjon om tilskotsordninga.