Søknadsfrist på vegfondet er 1. mai

Søknadsfristen for å søkje støtte frå vegfondet i Vågå er 1. mai kvart år. Statuttane for tildeling er som følgjer, slik dei vart vedtekne i k-sak 5/18:

1. Det må bu fastbuande langs den private vegen for å kunne søkje om midlar

2. Søknadsberettiga veg må vere på minimum 800 meter

3. Private hyttevegar, setervegar, skogsbilvegar og liknande kjem ikkje inn under ordninga

4. Det kan søkjast på midlar frå fondet, frå der den private vegen startar og fram til den inste innkøyringa langs vegen der det bur fastbuande. Gjennomfartsvegar der det er naudsynt å oppretthalde gjennomkøyring kan søkje for heile lengda på vegen

5. Vegfondet blir fordelt likt pr søknadsberettiga meter veg

6. Søknadsfrist er 1. mai for det året det blir søkt for

7. For å søkje på midlane må veglaget/innehavar av vegen vere registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret

8. Ordninga skal evaluerast etter 1 år