Reguleringsplan Gjende-Reinsvangen, varsel om oppstart av detaljregulering

På vegne av Statens vegvesen Turistvegseksjonen varsla Structor i mai 2018 oppstart av reguleringsarbeid med sikte på å revidere gjeldande plan for Gjendeosen – Reinsvangen.

Som følgje av forslag om å flytte framtidig bru nedover i elveløpet, har det kome innspel på at ein bør regulere ein ny sti frå den nye brustaden og rett mot T-stien innunder Gjendehøe, for å vise hovudstinettet i området.  

I samråd med Vågå kommune er det konkludert med at ein vil utvide planområdet for å regulere ein slik ny sti. Utvidinga er vist på vedlagte teikning R-01-F2. 

Innspel til utvidinga sendast Structor ved Harald Snippen innan 12. oktober 2018.

Plandokument: