Oppstart av planarbeid – detaljregulering Kolbotten aust – Vågå kommu

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vågå kommune varslar med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 jf. § 12-3, oppstart av planarbeid for austre del av Kolbotten næringsområde på Lalm, gnr 35 bnr 1.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for fleire næringstomter i forlenginga av dagens næringsområde, i samsvar med kommuneplanens arealdel.  Planområdet har eit areal på 16.112 m2.

Innspel til planarbeidet kan sendast til Vågå kommune, Edvard Stormsveg 2, 2680 VÅGÅ, eller pr. e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Frist for å kome med innspel er 18. februar 2022.

Meir informasjon om oppstartvarselet går fram av vedlegga.

Brev 19.01.2022 - Varsel om oppstart av planarbeid - Detaljregulering for Kolbotten aust (DOCX, 9 MB)

Varsel om oppstart av planarbeid Kolbotten aust - nærare orientering og førebels vurdering (DOCX, 13 MB)