Offentleg ettersyn - detaljregulering for Maurvangen vest for Mola

Formannskapet vedtok i møte 8. mai 2018, sak 24/18, med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-10,12-11 å leggje ut detaljregulering for Maurvangen vest for Mola ut til offentleg ettersyn og på høyring.

Formålet med planen er å leggje til rette for etablering av garasjeanlegg for lagring av utstyr og for tenestebustad for tilsette sesongarbeidarar tilknytt Gjendebåten AS. Planforslaget er i samsvar med kommuneplanens arealdel, jf. område TB/L01.

Planområdet er totalt om lag 8 dekar, og areal avsett til byggjeformål er ca. 3 dekar. Området ligg mellom Fv. 51 og Maurvangen. 

Saka er også lagt ut i servicetorget på kommunehuset.

Uttaler kan sendast til Vågå kommune pr. post til Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no

Frist for uttale er 28. juni 2018.

Plandokument

Plankart (PDF, 467 kB)

Planomtale (PDF, 4 MB)

Planprogram (PDF, 626 kB)

Reguleringsføresegner (PDF, 142 kB)

ROS-analyse (PDF, 337 kB)

Planskjema (PDF, 123 kB)

Politisk vedtak (PDF, 33 kB)

Vedlegg - merknadsvurdering innspel (PDF, 139 kB)

Kontakt

Ingunn Moen Helland
Plan- og miljøvernrådgjevar
Telefon 61 29 36 17
Mobil 909 90 488