Nytt stillingslepp i mars 2020

11. november 2018 vart 170 stillingar frå heile regionen slept samtidig. Eit slik felles stillingslepp ga stor merksemd, gjorde at ein nådde fleire potensielle arbeidstakarar regionalt og nasjonalt, og gå ei større søkjarmengde til den enkelte jobb.

At vi lykkes skuldast eit godt samarbeid mellom privat og offentleg sektor.

12. mars 2020 kjører vi eit nytt stillingslepp for Nord-Gudbrandsdal. 

Stillingsleppet skal skape synleggjering, for å bidra til fleire søkjarar og tilflyttarar

Målet med felles stillingslepp er å vise fram mangfaldet av arbeidsplassar i vår region, slik at det regionale næringslivet når ut til fleire potensielle arbeidstakarar regionalt og nasjonalt. Den enkelte arbeidsgjevar vil da få ei større søkjarmengde til sine ledige stillingar. 

Felles stillingslepp legg også til rette for at begge partar i familien eller par som ønskjer å fløtte til Nord-Gudbrandsdal, finn relevante jobbar. Dette aukar igjen moglegheita for at fleire fløtt hit, og at den enkelte arbeidsgjevar får tak i gode folk. Fleire par fann sine jobbar gjennom Stillingssleppet i fjor, og kunne fløtte til regionen fordi begge partar i familien skaffa seg jobb samtidig.  

Regionrådet og kommunane er ansvarlige i samarbeid med Nord-Gudbrandsdal Næringsforening og Nasjonalparkriket Reiseliv AS

Vi ser nå med glede på at vi har fått Nasjonalparkriket Reiseliv AS inn i satsinga. Marknadsføring av regionen er ikkje berre viktig for synleggjering ovanfor turister, men og for potensielle tilflyttarar. 
Dette forsterkar det regionale perspektivet og gjer at vi kan tilby stillingar over heile Nord-Gudbrandsdal. Vi har store forventningar både til antal ledige stillingar og kva dette kan bidra til, og trur sleppet nå kan gi enda betre resultat enn tidlegare. 

Auka synleggjering og attraktivitetskraft

Ved å være med på sleppet vil selskapa nyte godt av publisiteten, samtidig som ein bidreg til utvikling og sysselsetting i regionen. Gjennom stor deltaking får vi også fram mangfaldet i arbeidsmarknaden vår.

Regionrådet vil bruke mykje tid og resursar på å marknadsføre Stillingsleppet, slik at så mange som mogleg ser det både regionalt og nasjonalt. 

Vi oppfordrar på det sterkaste bedriftene og offentlige verksemder, som har ei ledig stilling og/eller planlegger å lyse ut stillingar, å bli med på Stillingsleppet. Bedrifter som veit at dei skal tilsetja lenger fram i tid kan gjerne også være med, og ha ein lengre søknadsfrist på stillinga. 


Klar, ferdig, registrer

Det er allereie opent for registrering

Det er mogleg å registrere ledige stillingar fram til fredag 6. mars. Sjølve sleppet skjer 12. mars 2020.

Kontakt

Iselin Vistekleiven
Prosjektleder
Mobil 916 43 500