Motivasjonstur for beitebrukarar i Nord-Gudbrandsdal
Lesja kommune
Årets beitesesong har vore krevjande for mange beitebrukarar i Nord-Gudbrandsdal. Kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Lesja og Dovre ønskjer difor å arrangere ein motivasjonstur slik at sauebrukarar frå heile regionen kan møtast, dele erfaringar med kvarandre og få felles opplevingar. Det overordna målet med turen er eit ønskje om å gi motivasjonsdrypp til ei næring som er betydningsfull for kommunane.
Kommunane kan difor med glede invitere til ein busstur til Oppdal torsdag 6. oktober. Turen skal innehalde lokalprodusert lunsj frå "Smak og Behag", fleire gardsbesøk og nydeleg middag på Storli gard. Turen er fullfinansiert av Regionkontoret for Nord-Gudbrandsdal og Statsforvalteren i Innlandet. Påmelding skjer via lenke som er utsendt på SMS til alle sauebrukarar i Nord-Gudbrandsdal. Påmelding skjer etter "førstemann til mølla" prinsippet. Det er 50 plassar på bussen, så vær rask om du vil vere sikra plass! Velkomen til ein fin dag saman!
Klokkeslett
|
Program
|
Påstigning
|
8.00
|
Påstigning Lom
|
Lom busstasjon
|
8.30
|
Påstigning Vågå
|
YX Vågå
|
8.50
|
Påstigning Sel
|
Ved samfunnshuset
|
9.30
|
Påstigning Dombås
|
Dombås skyssterminal
|
10.45
|
Lunsj på SMAK OG BEHAG Oppdal
|
|
12.00
|
Gårdsbesøk hos Anita og Stig Hindseth Bjerkaas
|
|
13.15
|
Gårdsbesøk hos Elin og Rolf Sverre Holum
|
|
14.30
|
Avreise til STORLI GARD
|
|
15.30
|
Middag og omvisning på STORLI GARD
|
|
18.00
|
Avreise fra Storli gard
|
|
20.00
|
Ankomst Dombås
|
|
20.40
|
Ankomst Sel
|
|
21.00
|
Ankomst Vågå
|
|
21.30
|
Ankomst Lom
|
|
Har du spørsmål kontakt:
Lom/Skjåk: Kari Hånsnar
Vågå/Sel: Laila Nersveen
Lesja/Dovre: Ingrid Tragethon
|
Publisert av Oda Aulstad Kvisberg
Sist endret 05.10.2022 10.18