Jan Egil Fossmo tilsett som rådmann

Kommunestyret i Vågå har tilbode Jan Egil Fossmo stillinga som ny rådmann i Vågå kommune

Rekrutteringsutvalet gjorde vedtak om å gjennomføre ein open prosess der ingen søkjar skulle bli unntatt frå offentlegheita. Dette gjorde at fleire kandidatar trakk seg, og det var seks søkjarar som sto att. To kandidatar vart kalla inn til intervju.

Jan Egil Fossmo er i dag fungerande rådmann i Vågå kommune.

Stillinga er formelt ledig frå 1. oktober 2018.