Etter klagen mottok Kartverket nytt vedtak på eitt av adressenamna. Sidan kommunen opprettheld vedtaket for dei fleste namna som vart påklaga, reiser Kartverket namnesak.
Kartverket har vedteke å reise namnesak for stadnamna Synstlii, Rindhovda, Stokkstad, Søre og Nørdre Holungssætrin, Grjothovda, Riddarspranget, Jønndalen, Øyen/Øyom, Øyasand, Vellesætri, Valdesæterbekken, Nørdre Åi/Åe og Søre Åi/Åe for å få ei avklaring av rett skrivemåte for offentleg bruk.
Involverte og interesserte har moglegheit til å koma med innspel til høyringa.
Etter høyringa gjer Kartverket vedtak om stadnamna
Oppstart av namnesak 2020/73 - Synstlii/Synstlie/Synslie mfl. i Vågå kommune (PDF, 316 kB)
Namneliste til høyring sak 2020/73 (PDF, 472 kB)
Oppstart av namnesak 2024/203 – Søre Åi/Søre Åe mfl. – Vågå kommune (PDF, 184 kB)
Namneliste til høyring sak 2024/203 (PDF, 80 kB)
Uttale kan sendast på e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller pr. post til Vågå kommune, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå.
Frist for uttale er 14. oktober 2024