Jens og urfolket // filmforedrag med Jens Kvernmo

onsdag 22. november 2023, 19.00 - 20.00

Informasjon

Eventyrar Jens Kvernmo sitter på huk foran et bål med en kopp i hånden. Han smiler og ser ut til å være i sitt ess. - Klikk for stort bildeEventyrar Jens Kvernmo kjem til Vågå. Foto: Jens Kvernmo privat

Velkommen til foredrag med eventyrar og friluftsentusiast Jens Kvernmo. Korleis finn han motivasjon til å gi det lille ekstra?

Før foredraget blir det utdeling av kulturstipend for 2023 til Kristian Moen. Det blir også loddsal med fine premier, ved ungdomsutvalget i Vågå jeger- og fiskerforening. Open kafé frå kl 18.00.
 

Kjøp billett


Foredragets tema:  
   

I foredraget «Jens og urfolket» tek Jens publikum med på ei eventyrleg reise gjennom fleire av sine lange turar. Gjennom film og bilder blir publikum med på eventyr i Canada, Grønland og Mongolia, og ikkje minst her heime i Norge.
 

Jens Kvernmo er ein av Norges mest kjende eventyrare som store deler av livet har vore ute på nære eller fjerne eventyr, aller helst saman med hundene sine. Jens har bakgrunn frå Forsvaret og delteke i internasjonale operasjonar i Afghanistan. Han har skreve fleire bøker og artiklar, vore delaktig i over 30 naturprogram på NRK og TV2, og er i dag frilans programleiar for NRK. 

 
Jens brenn for eit bærekraftigt liv på naturen sine premisser. Dette er lærdom han fyrst og fremst har fått fra sin bestefar, men også inspirert av verdas urfolk som Jens har tilbragt fleire år av livet sitt sammen med. Gjennom sine mange ekspedisjonar som ofte varer frå tre månadar til fleire år brukar Jens lærdommen frå samane, chipeweyan, inuittane og grønlendarane til å livnære seg av naturen sine ressursar.

 
Dette er eit inspirerande og humoristisk foredrag som gjev publikum gleda ved å gjera det vesle ekstra for å nå sine mål. Passer godt for alle friluftsinteresserte, men også for bedrifter som ynskjer å inspirere til å gjera det vesle ekstra for å nå sine målsettingar og visjonar.

                
Foredragsholder: Jens Kvernmo

Arrangør: Vågå Kommune
 

Kjøp billett

Sted

Vågå kulturhus
Vågåvegen 60,  2680 Vågå

Tlf.: 61293950

Kontakt

Vågå kommune
 

Legg til hendelsen i din kalender