Søknadsfrist - arrangementstøtte 2023
lørdag 1. april 2023, 00.00 - 23.00
Kriteriar:
Støtte kan bli gjeve til kulturarrangement innanfor føringane i punkt 2, i tillegg gjeld følgjande retningsliner:
- Arrangementet bør ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensiale.
- Arrangementet skal ha lokal interesse og verdi og gjennomførast i Vågå kommune.
- Aktivitetar som fremjar samarbeid mellom ulike aktørar vil bli prioritert.
- Vågå kommune kan gje tilskot for berre eitt år om gongen.
- Søkjar pliktar å varsle kommunen dersom arrangementet blir avlyst, eller endra på ein måte som kan påverke tildelinga.
- Vågå kommune kan krevje tilskotet attendebetalt dersom arrangementet ikkje blir gjennomført eller at det er gjeve feilaktige og/eller mangelfulle opplysningar. I særlege høve kan søkjar miste retten til framtidig tilskot. Finansieringsplan/budsjett skal leggjast ved.
- Det blir utbetalt maksimalt 50.000 i tilskot til kvart enkelt arrangement. Eigeninnsats eller anna finansiering må utgjere minst 50%.
- Personar med ledsagerbevis får gratis inngang på arrangement som mottek kommunal støtte.
Kontakt
Legg til hendelsen i din kalender