Digital kafé: Lurar du på noko om arv, testament eller andre juridiske ting knytt til det å vere eldre?
torsdag 19. mai 2022, 14.00 - 15.30
Har du spørsmål om arv, testament, skifting av bo eller andre juridiske spørsmål knytt til det å vere eldre? Torsdag 19.mai kl.14.00 kjem advokatane Ingrid Storvik og Anders Gustav Bjørnsen frå advokatkontoret i Vågå for å svare på dine spørsmål og snakke om aktuelle problemstillingar for deg som er eldre.
Arrangementet er ope for alle og er heilt gratis!
Arrangementet føregår på frivilligsentralen i Vågå, og du kan sjå det på storskjerm på frivilligsentralen i Dovre, Sel, Lom og Skjåk, eller frå heime på digivert.no. Det vil vere mogleg å stille spørsmål frå alle Frivilligsentralane.
Ynskjer du å sende inn spørsmål på førehand, kan du sende det på sms til 902 17 268 (namn og nummer vil ikkje bli offentleggjort).
Arrangementet er gratis
Pris voksen: 0
Nettside
Kontakt
Legg til hendelsen i din kalender