Lalm barnehage

Lalm barnehage ligg ca. 12 km østover for Vågåmo sentrum, mot Otta. Lalm er ei grend i Vågå kommune som har skule, barnehage, samfunnshus og butikk i nærmiljøet.

Årsplan 2022-2023 (PDF, 545 kB)

Lalm barnehage er ein tre-avdelingsbarnehage: Nøtteliten 0-2 år, Knærten 2-3 år og Goliat 3 - 6 år. Det er ein pedagogisk leiar på kvar avdeling. I tillegg til pedagogane arbeider det både barnepleiarar og barne- og ungdomsarbeidar. Vi har faste vikarar som vi bruker gjennom heile året.

Barnehagen ligg under same tak som skulen. I og med at skulen og barnehagen ligg så tett i tett blir det noko samarbeid. 

Døme på samarbeid: elevar som les for barnehageungar, leik ute/inne, måltid saman, ulike framsyningar for kvarandre, fadderopplegg.

Uteområdet vårt er vi veldig stolte av. Vi bur midt i skogen, men samstundes midt i sentrum av Lalm. Vi har ljosløype rett utanfor døra, stor og flott ballbinge, handballbane, fotballbane, klatrestativ, husker, fin akebakken og mykje meir. Vi har eit  inngjerda  uteområde til de minste i barnehagen. Det er kort avstand til idrettsplass, lavo, gapahuk, ishockeybane og skogsområde. Vi disponerar også det lokale samfunnshuset så mykje vi vil gjennom heile barnehageåret.

Kva er bra med Lalm barnehage?

  • Samlokalisering med barneskule
  • Fint uteområde
  • Lett tilgang til idrettstilbod av mange slag
  • Lette og lyse lokale
  • Femåringane har svømmeopplæring / vanntilvenning på Vågå Hotel
  • Vi har to måltid kvar dag, lunsj og frukt / brød / knekkebrød om ettermiddagen. I tillegg har vi varmmat to dagar i veka.
  • Vi har god  " boltreplass ", både inne og ute. Vi held oss godt innafor / over arealnormen i fylgje Barnehageloven, 4 kvadratmeter for barn over tre år og 6 kvadratmeter for barn under tre år.

 

  

Artikkelliste

Kontakt

Siv Kristin Paulsen
Tenesteleiar Lalm barnehage
Mobil 952 81 106

Adresse

Skulevegen 4

2682 Lalm

Tlf.nr. avdelingar:

Bjørnehiet - 90 76 73 78

Revehiet - 90 53 76 48

Humlebolet - 45 31 32 82