Feiing og tilsyn

Prisliste - Feiing og tilsyn - 2018
Type feiing/tilsyn Pris pr pipe pr gong, eks mva
Feiing og tilsyn med fyringsanlegg 427,-
Feiing og tilsyn, fritidsbustad 581,-

 

Tlf.nr. feiar: 95 45 13 52

Feieavgifta, både storleik på avgifta og innkrevinga, blir fastsett av den einskilde kommune, jf brannlovens §28. Feieavgifta skal dekkje alle kostnadar knytt til feiing og tilsyn og oppfølging av evt. avvik.

Fritak for gebyr krev at det ikkje er eldstad i bruk i objektet.

 

Bilete av feiaren som feiar ei pipe - Klikk for stort bilde

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg er ei lovpålagt oppgåve. Vågå kommune har feie- og tilsynsordning i tråd med Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn.

Det inneber at det blir gjennomført feiing etter behov. 

I tillegg er det ei auka satsing på førebyggande arbeid. Tilsyn er eit av hovudvirkemidla for å sikre at det står bra til med branntryggleiken hos innbyggjarane i Vågå. 

I ordninga er det lagt opp til at det blir ført tilsyn med bustader og fritidsbustader i Vågå etter behov. Tilsynet, som blir varsla skriftleg på førehand, vil kontrollere eldstadene i objektet, røykvarslarar, evt andre risikomoment og gi informasjon om generell branntryggleik.

Kontakt

Bjørn Tore Aspen
Brannsjef og feiar
Telefon 61 29 36 85
Mobil 913 46 044