Vågå brannvesen

Vågå brannvesen - mannskapsbilete - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I samband med brannvernveka 2017, blir det open brannstasjon i Vågå laurdag 23. september, kl 11.00 - 14.00.

Vågå har døgnkontinuerleg brannvakt, og brannvesenet består av 5 befal og eit mannskap på 11.

Hovudmålet med tenesta er at Vågå kommune har eit brannvesen som er organisert, utrusta og bemanna, slik at oppgåver pålagt i lov og forskrifter blir utført tilfredsstillande, sett i forhold til kartlagt risiko og sårbarheitsanalyse.

Brannstasjonen har adresse Industrivegen 37.

Vågå kommune har ei brannordning som vart revidert og godkjend i kommunestyret 2015. 

Brannvesenet er organisert med ei beredskapsavdeling og ei førebyggjande avdeling, der brannsjef er leiar for førebyggjande avdeling og varabrannsjef er leiar for beredskapsavdeling.

Befalet i brannvesenet har ei femdelt vaktordning som går kontinuerleg 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Det er fast vaktordning for nokre brannkonstablar i påska og elles etter behov.

Brannvesenet har bakvakt for alle kommunale bygg/eigedomar, heisalarmar og tekniske alarmar.

 

"Mens du venter på ambulansen"

Vågå brannvesen er med i prosjektet "Mens du venter på ambulansen" i samarbeid med Norsk Luftambulanse. Mannskapet har gjennomført spesialkurs som gjev innføring i førstehjelp ved akutt sjukdom og/eller ulykke. Brannvesenet er utstyrt med ein akuttbag med m.a. oksygen, førstehjelpsutstyr og hjertestartar.

I akutte situasjonar der ambulanse er langt unna, vil mannskap frå brannvesenet rykkje ut og gje pasientbehandling inntil ambulanse kjem fram.

 

Mannskapsliste

Befal

Pål Øygarden - brannsjef

Bjørn Tore Aspen - varabrannsjef, feiar

Stig Joar Sanden - utrykningsleiar

Martin Sletten - utrykningsleiar

Roar Strand - utrykningsleiar

 

Mannskap

Bjørn Henning Kveen - brannkonstabel

Roar Øygarden - brannkonstabel

Tom Jøransen - brannkonstabel

Rolf Grev - brannkonstabel

Ragnar Grøsland - brannkonstabel

Egil Kveen - brannkonstabel

Knut Grev - brannkonstabel

Stian Rugsveen - brannkonstabel

Stein Berg - brannkonstabel

Rune Magne Lien - brannkonstabel

Tor-Even Vågheim - brannkonstabel

Kontakt

Pål Øygarden
Brannsjef
Telefon 61 29 36 67
Mobil 997 49 520

Adresse

Industrivegen 37

2680 Vågå