Transporttenester (TT-ordning)

Personar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming har store vanskar med å nytte offentleg transportmiddel kan få tilgang til tenesta. Kravet er at ein må ha ei varig forflytningshemming, det vil seie minimum to år.

Søknadsskjema for TT-ordning

Kontakt leiar for tildeling og samhandling, Inger Helene Brandsar, på telefon 61 29 37 65 om du har spørsmål.

Dette er eit transporttilbod til personar som ikkje kan nytte seg av ordinære kollektive transportmiddel. Ordninga skal bidra til at personar med forflytningshemming skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg.

TT-ordninga skal berre nyttast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekt av folketrygda.

Informasjon om TT-kortet

Reglement for TT-transport

Heimlar blir tildelt for to år om gongen. Den som mottek tenesta kan søkje om å auke beløpet dei får tildelt om dei brukar meir enn det dei fekk tildelt.

Publisert av Roar Strand. Ansvarleg Inger Helene Brandsar. Sist endra 17.09.2015
Fann du det du var på leit etter?
Leiar for tildeling og samhandling
 
61 29 37 65
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 29 36 00
  • FaksBilde 61 29 36 01
  • PostboksBildeEdvard Storms veg 2
  • PostboksBilde Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
  • Kommunenr. 0515
  • Org.nr: 939 607 706
  • Åpningstid: 07:30 - 15:00
Login for redigering
Login for redigering