Avlastning og støtte

Vi gir avlastning til personar og familiar som har ei særleg tyngande omsorgsoppgåve for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande. Avlastning kan bli gjeve i eller utanfor heimen, og er tidsavgrensa frå enkelttimar til eit heilt døgn.

Avlastingsheimar

Tenesta kan bli gitt til familiar med hjelpetrengande barn som bur heime og kan skje ved at barnet for opphald i tilrettelagt avlastingsbustad i avtalt tidsrom, eller at barnet får opphald i annan familie, til dømes i helger.

Avlasting blir gitt etter søknad og individuell vurdering, der omsorgspersonane (foreldre/pårørande) har tyngande og vedvarande omsorgsoppgåver.

Avlasting i eigen heim

Dette er eit tilbod om avlasting i eigen heim til personar som er sterkt pleietrengande, slik at pårørande eller andre personar med tyngande omsorgsoppgåver kan få fri.

Avlastingsopphald ved Vågåheimen

Tilbod til pleietrengande som bur heime om opphald ved Vågåheimen i stuttare tidsrom, slik at den som har den daglege omsorgen kan få avlasting. Tenesta går på pleie og omsorg, ikkje utgreiing, behandling eller rehabilitering og blir tildelt etter individuell vurdering.

 

Tilbod om avlastning kan bli tildelt etter skriftleg søknad og individuell vurdering.

Det blir gjort ei kartlegging av ønskje og behov som er relevante i saken før det blir gjort eit vedtak. I vedtaket vil det stå om du får tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt vil omfatte.

Om du ikkje er nøgd med vedtaket er det mogleg å klage til kommunen. Dette må gjerast innan fire veker.

 

Avlastningstenestene er gratis.

Publisert av Roar Strand. Sist endra 20.11.2013
Fann du det du var på leit etter?
Eining (1)
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 61 29 36 00
  • FaksBilde 61 29 36 01
  • PostboksBildeEdvard Storms veg 2
  • PostboksBilde Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
  • Kommunenr. 0515
  • Org.nr: 939 607 706
  • Åpningstid: 07:30 - 15:00
Login for redigering
Login for redigering