Leigekøyring snøscooter

Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning behandla i møtet 14. oktober 2016 sak 65/16 og fatta følgjande vedtak:

«Med heimel i Forskrift om bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 5punkt a får følgjande løyve for å drive leigekøyring med snøskuter i Vågå kommune:

Leigekøyringsløyve snøscooter
Innehavar av løyve Telefon Området løyvet gjeld for
Bessheim Fjellstue AS 61 23 89 13 Øvre Sjodalen, hytteområdet mellom Hindsæter og kommunegrensa til Øystre Slidre kommune + Bessvatnet. Skiløypekøyring i indre del av Sjodalen heile vinteren.
Besseggen Fjellpark AS 61 23 89 22 Hytter ved Maurvangen, mot Valdresflya og solsida mellom Gjendesheim og Bessheim, samt heile Hoskelia og til nedre Sjodalsvatn. Skiløypekøyring.
Jotunheimen caravan camp Nord for Ottadalen, sør for Otta elv/Vågåvatnet, Lemonsjø/Randsverksområdet og Sjodalen heilt til grensa mot Øystre Slidre. Løyvet omfattar oppdrag i samband med ettersyn, vedlikehald og liknande i området Flatningen/Melingen. Skiløypekøyring.
Sjodalen Hytteservice 91 72 74 27 - 99 00 74 87 Flatningen til kommunegrensa på Valdresflya, samt grensene til Lom, Fron og Sel
Hindsæter Fjellhotell Heile Sjodalen frå Randsverk til kommunegrensa til Øystre Slidre kommune
Skarå Camping 95 20 89 21 Lemonsjøområdet i vinterferie og påske, og oppkøyring av skiløype frå Skarå Camping og opp til oppkøyrd skilølype som går ovanfor Skarå Camping
Øistein Formo 91 76 49 37 Flatningen, Melingen, Heimfjellet og Lemonsjøen
Arne Rugsveen 91 54 98 44 Sjårdalsfjellet (strekningen Kleppe - Skardet)
Ola Preststulen 41 61 29 53 Området nord for Otta elv mellom Vågåruste og Loms grense. Skiløypekøyring.
Brimi Fjellstugu 61 23 98 12 Området Tessosen - Åsvangsætre, Svarttjønn og Krosstjønn (Vågåsida ved Tesse). Skiløypekøyring
Sjur Sande 90 50 02 86 Nedre Heimdalen til grensa mot Langmorkje statsalmenning med Skåbu som utgangspunkt.
Magne Aaseng 95 08 86 57 I området Nyseter og Refjellet
Terje's Utleie 90 16 08 07 Sjodalen, Lemonsjøen, Tesse, Melingen, Flatningen

 

Det blir sett følgjande vilkår for løyvet:

  1. Løyvet gjeld frå 1. november 2016 til 1. mai 2020
  2. Løyvet gjeld for ein snøskuter. (Sjur Sande får nytte snowtrack i staden for skuter i påskeavviklinga).
  3. Der løyvet ikkje er knytt til eit firma, er løyvet personleg og kan ikkje nyttast av andre enn den løyvet er utstedt på. Kopi av løyve skal medbringast under køyring.
  4. Transport kan skje frå den tid det blir snøskuterføre og fram til og med fyrste søndag etter påske.
  5. Transporten skal skje til minst mogleg ulempe for andre brukarar, naturmiljø og eksisterande skiløyper. Transporten må difor samordnast med løypeplan som Vågåfjell Turløypar har. 
  6. Løyvehavar skal etter kvar sesong sende inn oversikt over tal på køyrde turar innan 1. juni.
  7. Uvettug køyring og køyring som bryt med vilkåra for løyvet og ulovleg skuterkøyring elles vil kunne medføre inndraging av løyvet.»

Reinheimen - eigne søknadsrutinar

For Reinheimen er det innført eigne søknadsfristar og søknadsskjema.

Kontakt

Laila Nersveen
Plan- og miljøvernrådgjevar
Telefon 61 29 36 15