Fjellandbruk er framtid

Matproduksjon på fornybare lokale ressursar i Sel og Vågå

Etter politisk initiativ frå Sel og Vågå kommunar, vart det sist vinter søkt om midlar frå «Fjellandbrukssatsinga 2014-2016» for å gjennomføre målsettinga i landbruksplanen, dvs. ei auke i matproduksjonen med 1 % i året. Dette er det same som den nasjonale målsettinga. Prosjektet skal i utgangspunket gå i to år, men i.o.m. at fjellandbrukssatsinga går ut i 2016 må ein søkje midlar frå ein annan pott i 2017. Sluttrapport skal vere sendt innan 15. februar 2017.

 

Om prosjektet

Vågå og Sel kommunar fekk kr 360.000,- i støtte. Budsjettet er på kr 480.000,-.

Målsetting

Ut frå det som er vedteke i gjeldande landbruksplan ønskjer ein å fokusere på følgjande hovudpunkt:
• Auke i matproduksjonen i Sel og Vågå
• Oppretthalde eller auke sysselsettinga i landbruksnæringa
• Oppretthalde eller auke dyrkaarealet
• Auke bruk av inn- og utmarksressursar til husdyrbeiting
• Synleggjere og stimulere til nye næringar/ produkt/marknader.
• Etablere gode nettverk
• Nye næringar – nye produkt

Prosjektet består av fire hovudbolkar:
1. Spørjeundersøking/kartlegging av gardsbruk
2. Opne møte/landbrukskafe`
3. Bygdemøte
4. Fagturar

Det er oppnemnt ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe. Styringsgruppa har representasjon frå faglaga og frå politisk nivå i Sel og Vågå. Arbeidsgruppa har representasjon frå rettleiingstenesta og faglaga.


Styringgruppe

Hans Ulmo (leiar)

Ola Kvarberg

Hans Petter Vaberg

Terje Johnny Sveen

Live Langøygard

Thomas Stebergløkken
 

Arbeidsgruppe

Geir Olav Hagen

Åse Marit F. Anderssen

Jan Erik Mæhlum (leiar)

Hans Ulmo (Bondelaget)

Kjersti Gutsveen (Småbrukarlaget)
 

Sekretariat for satsinga er landbrukskontoret for Sel og Vågå.

 

Spørjeundersøking

Spørjeundersøking/kartlegging er gjennomført. Undersøkinga vart sendt til alle som søkjer produksjonstilskott, men vi ønskte også svar frå andre som ønskjer å satse og/eller eig landbrukseigedom med ressursar i form av areal og bygningsmasse. 

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Telefon 61 29 36 71
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.