Etablere ny bedrift

Går du med idear og drøymer om å starte for deg sjølv, men veit ikkje heilt korleis du skal komme i gang. Start med ein telefon eller besøk hos oss så kan vi hjelpe deg vidare.

Søknadsskjema kommunalt næringsfond

Mange går med ein gründer i magen og ein god forretningside i hovudet, utan at dei heilt veit korleis dei skal komme vidare. Det er eit mylder av informasjon der ute og det kan til tider vere vanskeleg å vite kor ein skal starte utan å bli totalt forvirra.

Ta først kontakt med næringskoordinatoren.

Vi er her for å hjelpe deg i gang med å realisere draumen din om å etablere eigen bedrift. 

Hva kan vi hjelpe deg med?

  • Vi kan vere ein diskusjonspart ved utvikling av forretningside, markedsvurderingar, budsjett og finansieringsplan
  • Vi kan hjelpe deg å finne aktuelle og relevante støtteordningar og hjelpe deg i søknadsprosessen
  • Vi kan hjelpe deg med å komme i kontakt med eksisterande næringsliv
  • Vi kan hjelpe deg med å finne aktuelle kurs og opplæring som kan vere nyttig for deg i oppstartsprossessen

 

Når du skal starte din egen bedrift er det smart å gå gjennom følgjande prosess

  1. Idé- og avklaringsfasen
  2. Utviklingsfasen I denne fasen blir ideen meir konkret gjennom å utvikle forretningsmodell og forretningsplan. Du må sette opp eit budsjett, ein likviditetsplan og ein finansieringsplan. Du må også ta beslutning om selskapsform og kapitalbehov. 
  3. Oppstart og registrering Når du har kommet så langt skal alt det praktiske papirarbeidet ordnast. Namn må bestemmast og registrering gjennomførast. 
  4. Drift og vekst Så er det berre å sette i gang. Men hugs å sette deg inn i reglar om MVA, skatt og rekneskap

Kontakt

Live Opsahl Brimi
Næringskoordinator
Telefon 61 29 37 58
Mobil 990 28 322
Tora Sandbu
Tenesteleiar kultur og næring
Telefon 61 29 36 11
Mobil 996 93 921
Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Telefon 61 29 36 71
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.