Vidareutvikle bedrift

Føler du at du står litt fast eller har idear for videre vekst av bedriften din utan at du heilt veit kor du skal starte. Har du problem med å vidareutvikle topplina di eller har kostnadane dine vokse utan kontroll? 

Næringsutvikling er ein kontinuerleg prosess med etablering, vekst, stagnasjon/frustrasjon og vegen vidare til fornying eller nedlegging. Denne fornyinga er ein nøkkelfaktor for ei sunn næringsutvikling.

Statistikken viser at berre 30% av alle nystarta bedrifter overlever dei første fem åra og det kan vere mange årsakar til dette. Men statistikken viser også at bedriftene som overlever har tre gonger så mange ansatte etter fem år.

Etter den hektiske oppstartsfasa kan overgangen til driftsfase vere vanskeleg for mange og det er viktige beslutningar som må tas. Skal eg halde fram som i dag? Skal eg satse på vekst? Korleis kan eg forbetre topplinja eller bottlinja min? Korleis ser framtida mi ut?

Ingen kan spå framtida, men innimellom er det godt å ha nokon å diskutere med. Nokon som du kan spørje om råd og som kanskje kan stille nokre kritiske spørsmål. 

Vi ønskjer å kunne bistå som rådgjevar og sparringspartner i denne prosessen. 

  • Korleis kan du auke di topplinje gjennom mersalg, vekst, nye produkt, samarbeid eller oppkjøp
  • Gjennomgang av produksjon og tenesteyting
  • Sparringspartner på logistikkflyt, lean og kostnadsoptimalisering

Kanskje du treng påfyll av kompetanse og ny inspirasjon. Vi kan hjelpe deg med å kartlegge aktuelle kurs, informasjon om støtteordningar og rettleiing i forhold til prosjektplanar etc. 

Kontakt

Live Opsahl Brimi
Næringskoordinator
Telefon 61 29 37 58
Mobil 990 28 322
Tora Sandbu
Tenesteleiar kultur og næring
Telefon 61 29 36 11
Mobil 996 93 921
Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Telefon 61 29 36 71
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.