Karusell vil skuleåret 2020/2021 er på torsdagar. Den første gruppa vil starte så fort som mogleg etter skuletid. Elevane vil bli henta rett etter skuletid, et saman med læraren og går til undervisninga etterpå. Dersom det er elevar frå lalm som er med, tek vi sjølvsagt omsyn til det, og venter til dei har høve til å kome seg til Moom!
Det er fire lærarar som arbeider med karusell:
Live Visdal er dansepedagog og har det faglege ansvaret på dansestasjonen. Dersom du lurar på noko, skal melde frå om sjukdom el.l. uansett kva for stasjon ein er på, ta kontakt med Live på telefon.
Tlf 97415515
Sigrid Blekastad er faglærar på kunst
Tlf 90297186
Paulo Macamo er faglærar på musikk
Tlf 91 68 43 76
Anita Moe er faglærar på teater
tlf 90158217
Saman skal desse fire lærarane gje elevane inspirasjon, smakebitar og introduksjon til livet som kulturskuleelev, når ein seinare vil velje retning og fag i kulturskulen - dersom ein vil fortsetje i kulturskulen etter karusell.
Teaterundervisning i karusell
Teaterundervisninga i karusell baserast på teaterleik. Det betyr at vi øver teaterteknikkar som inneber rørsle, kroppsmedvit, pantomime, samspel, rollespel, språk, dikt og regle. Vi øver på tryggleik på scena og på kvarandre - alt pakka inn i leik og musikk.
Den siste timen på teaterstasjonen har vi ein open time på scena, eller ei lita framsyning for familie og venner. Her får dykk eit blikk inn i vår magiske verden!
Musikkundervisninga i karusell
På musikkstasjonen prøver vi å syne mange ulike sider ved musikken. Hos oss får du prøve gitar, piano, djembe, trommesett, syngje, samt å blande musikk med teater og dans.
Danseundervisninga på karusell
På stasjonen dans på karusell får elevane moglegheiten til å vere kreative, samarbeide, utforske danserøysler til musikk. I timane skal vi lytte og respektere kvarandre.
Kunstundervisninga på karusell
På kunststasjonen vil elevane få prøve ulike materiale og ulike teknikkar. Dei vil teikne, måle, klyppe, lime, kanskje sy litt eller arbeide med tekstil. Noko hobbyrelatert undervisning også.