Idrett

Frå Lemonsjø Alpinsenter - Klikk for stort bilete

Vågå har mange moglegheiter for organisert og uorganisert idrett, vinter og somar.  

Sjå liste over ulike idrettsgrupper organisert under Vågå idrettsråd

Lemonsjøen alpinsenter

Ca 20 minutt frå Vågåmo ligg Lemonsjø alpinsenter.

 

Ljosløyper og langrenn

Vågå har fleire ljosløyper, og ca x km med preparerte skiløyper om vinteren.

For løypemeldinger og informasjon om skiløypenettet i Vågå, sjå Vågåfjell turløyper

 

BMX og skating

Villaparken ligg midt i Vågåmo og har ei flott bane for "dirt bike" og

Sjå video frå opninga av Villaparken

 

Sykling

Off-road, down-hill, BMX, landeveg - moglegheitene er mange på sykkelsetet i Vågå

Panorama Ottadalen - kart over sykkelrute mellom Lom og Otta

 

Luftsport

Riksanlegget for hang- og paragliding blir drifta av hang- og paragliderseksjonen i Norges luftsportforbund.

Luftrommet over Vågå er kjend for å ha særs god termikk, noko som gjer det attraktivt både for hang- og paraglidere, men også for seglfly. Kvart år rundt påsketider arrangerer Drammen flyklubb "Vågå WaveCamp" der pilotar frå mange land deltek.

 

Elvesport

Sjoa er ein av verdas beste raftingelver og det er fleire kommersielle selskap som tilbyr turar på elva, med varierande vanskegrad.

 

Svømming

Det er tilbod om open, gratis svømmehall med badevakt kvar tysdag i vinterhalvåret på kulturhuset.

Publisert av Roar Strand. Sist endra 27.10.2015
Fann du det du var på leit etter?
Folkehelsekoordinator
 
61 29 36 26
 
996 93 818
 
Send epost
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 61 29 36 00
  • FaksBilde 61 29 36 01
  • PostboksBildeEdvard Storms veg 2
  • PostboksBilde Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
  • Kommunenr. 0515
  • Org.nr: 939 607 706
  • Åpningstid: 07:30 - 15:00
Login for redigering
Login for redigering