Kommuneblomen

Vianvang - kommuneblomen i Vågå - Klikk for stort bilete

Vianvang er det lokale namnet for Saxifraga cotyledon som også har namn som Bergfrue, Fjelldronning, Bergabrur, Fjellfrue, Fjellrose og Venegut. 

Formannskapet gjorde vedtak 17. juni 2004 om at Vianvang skal vere kommuneblomen i Vågå.

Vianvang finst over store delar av Vågå, men kanskje mest i Gjendeområdet der den finst i rikt monn. Den karrar seg fast i bergsprekkar, på steile og ofte utilgjengelege område.

Den treng ikkje så mykje næring, men klarar seg med lite.

I Vågå finn vi og det høgastliggande område der Vianvang veks, nemleg på Knutshø 1.510 moh.

Vianvang er også namnet på Arne Brimi sin særeigne serveringsstad i Vågå.

Publisert av Roar Strand. Sist endra 17.10.2013
Fann du det du var på leit etter?
 
  • TelefonBilde 61 29 36 00
  • FaksBilde 61 29 36 01
  • PostboksBildeEdvard Storms veg 2
  • PostboksBilde Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
  • Kommunenr. 0515
  • Org.nr: 939 607 706
  • Åpningstid: 07:30 - 15:00
Login for redigering
Login for redigering