Vågåhallen, Vågå kulturhus og Vågå symjehall
Lokala som inneheld Vågåhallen, kulturhus og symjehall, har som formål å: - gje grunnskulen ein stad å drive kroppsøving og symjeundervisning - gje lag og friviljuge organisasjonar ein stad å drive fysisk aktivitet - gje musikklag ein stad å øve - gje lag og organisasjonar ein stad å arrangere større og mindre arrangement - vere ein stad der innbyggjarane i Vågå skal kunne oppleve kunst og kultur - vere ein arena der kulturskulen, grunnskulen, lag- og organisasjonar og innbyggarane elles skal kunne utøve og syne fram kunst og kultur
Symjehallen Symjehallen var ferdig renovert i 2004. Bassenget er på 12,5 meter, med to store og nyoppussa garderobar. Symjehallen er handikaptilpassa med rullestolinngang og heis.
Vågåhallen Vågåhallen har parkettgolv med oppmerking for dei ymse idrettsgreinene, tribune med plass til ca 300 personar, klatrevegg, garderobar, lagerrom for div trimutstyr, samt små oppbevaringsrom for fleire lag.
Vågåhallen kan nyttast til: trening, idrettsarrangement, messer og større kulturarrangement mv.
Vågå kulturhus Kulturhuset har mobilt amfi med sitjeplass til 248 personar, scene med ny scenerigg, kinomaskin og surround lydanlegg, audiovisuelt anlegg for videokonferanse, DVD, video, dokumentkamera, digitalt lysanlegg og lydanlegg for mindre konsertar og konferansar.
Veslesalen kan nyttast som artistgarderobe, kafe, konferansar, utstillingar mv.
Kulturhuset er nytta til konsertsal, kino, øvingslokale, mindre dansearrangement, konferansar, messer, utstillingar, teater og møterom.
Kulturhuset har også ein kafe som er open i samband med arrangement og elles etter behov. Kafeen er bortleigd til Vågå Arrangement Service og all servering skal avtalast direkte med dei. Dette gjeld både kulturhuset og Vågåhallen. Vågå Arrangement Service, tlf 90 16 08 26, e-post: stein@selskapstelt.no
Pris
Prisar for bruk av Vågåhallen, symjehallen og Vågå kulturhus er fastsett av Hovudutvalet for Oppvekst og Kultur.
Namn
Oppvekst og kultur
Adresse
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
Tlf
61 29 36 00
E-post
postmottak@vaga.kommune.no
Besøksadresse
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
Ansvarleg eining
Oppvekst og kultur
Rettleiing
Du kan søkje om leige av Vågå kulturhus, Vågåhallen eller Vågå svømmehall til arrangement eller til sesongleige.
Skjema
Søknadsskjema finn du i skjemabanken.
|
|
|
|